Kompetansesenter i koronatid

Pandemien har lært oss nye arbeidsmetodar.
Pandemien har lært oss nye arbeidsmetodar. Foto: Aleš Čerin/SFVL.

Statsforvaltaren i Vestland har nær kontakt med landbrukskontora våre, og vi har gjennom åra hatt mange møte, kurs og samlingar ute i kommunane. Kva gjer vi i koronatida?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.03.2021

Då pandemien kom måtte vi på kort tid endra strategi for korleis vi skulle fylla kompetansesenterrolla vår. Det har ført til mykje nyttig kunnskap og erfaring. Vi saknar å kunne møtast fysisk, men erfaringane det siste året har gjeve oss mange nye verktøy som vi vil bruke flittig også i tida etter Covid19.

Kva kompetansebehov har kommunane?

Landbruksavdelinga gjennomførte ei større kartlegging i kommunane våren 2020. Vi sende ut ei spørjeundersøking til alle tilsette på landbrukskontora og fekk svært mange gode og nyttige svar. Dette danna grunnlaget for planlegging av fagsamlingar og kurs på nettet.

Utviklingsgruppa på landbruksavdelinga følgde opp kartlegginga med telefon til landbrukssjefane, der vi fekk meir informasjon og kunnskap om behova i kvar einskild kommune. Dette ønskjer vi å gjere årleg, slik at vi kan bidra i kommunen sitt utviklingsarbeid ut frå deira behov og ønskje.

Kjekke og nyttige webinar

I 2020 arrangerte vi rundt 30 webinar, med totalt om lag 1200 deltakarar. Erfaringane har vore svært gode, og vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå deltakarane. - Endeleg får eg høve til å delta på kurs og samlingar, sa ein deltakar på eit webinar om digital mobilisering i januar.

Frå sør til nord i Vestland fylke er det om lag åtte timars køyretid med bil. På nettet kan deltakarane koma frå heile fylket og dei slepp kostnader og reisetid. Det har ført til at mange fleire har kunna delta. Nokre av webinara har også hatt deltakarar frå andre fylke eller har vorte arrangert av nasjonale nettverk. Det at fleire frå same kommune kan vere med på eit kurs eller eit møte, får same informasjon og kan delta med innspel og spørsmål, har også positive ringverknader for vidare arbeid i kommunen.

Produksjon av materiell

Det vert produsert nyttig materiell på ulike fagområde. Her er nokre eksempel:
I desse dagar er det laga ei rettleiing til kommunane for utarbeiding av overordna retningslinjer for ordningane SMIL, tilskot til tiltak i beiteområde og NMSK. Etter fleire kommunesamanslåingar i 2020, og som følgje av at perioden for mange av dei gjeldande lokale retningslinjene går ut, kjem fleire kommunar til å lage nye lokale retningslinjer frå 2021. Rettleiinga er meint å vere til hjelp for kommunane i dette arbeidet, m.a. gjennom å konkretisere dei delane av regelverket som er relevante for denne oppgåva, og synleggjere koplingar mellom ulike ordningar og program.

I LivOGLyst-programmet er det under arbeid ein idévekkjar for korleis ein kan driva lokalt mobiliseringsarbeid. Denne vert laga ut frå webinaret Korleis mobilisere digitalt i eit LivOGLyst-prosjekt?, som partnarskapens arrangerte i januar i år.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner