Kystbonde nominert til den nasjonale kulturlandskapsprisen

Over fleire ti-år har John Inge Vik gjort ein stor innsats for å bevare og synleggjere kulturlandskapet i Vestland. No er han Vestland fylke sin kandidat til nasjonal kulturlandskapspris.

Publisert 15.05.2025

Gjennom berekraftig skjøtsel og aktivt landbruk bidreg John Inge Vik til å halde kystlynghei og kystgardstradisjonar i hevd, samstundes som han har modernisert drifta.

Statsforvaltaren i Vestland har, ut frå dette, lansert han som kandidat til den nasjonale kulturlandskapsprisen 2025. Norsk Kulturarv har ansvaret for prisen, og samarbeider med Landbruks- og matdepartementet om den årlege utveljinga.

Statsforvaltaren nominerer John Inge Vik som Vestland sin kandidat til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2025. Foto: Aase Nøttveit, Stord kommune.

Stort med tradisjon og mangfald

John Inge Vik har eit av dei største landbruksforetaka med tradisjonell utedrift av gammalnorsk sau i regionen, med ei driftsform farfedrane hans også dreiv aktivt. Han har kring 800 sauer fordelt på fleire øyar i både kommunane Austevoll og Fitjar. I tillegg arbeider han som fiskar delar av året, og er slik sett ein moderne fiskarbonde. 

Moderne drift av kystlynghei

John Inge Vik opprettheld kulturlandskapet og den tradisjonelle kystlyngheia med tradisjonell drift, som lyngsviing og rydding av kratt, for å sikre gode beiteforhold. Han har i tillegg fjerna framande artar, som sitkagran, for å hindre attgroing. Skjøtselen skapar eit landskap som støttar både dyreliv, friluftsliv og lokal verdiskaping. 

John Inge Vik har etter kvart funne løysingar som gjer det mogleg å drive mange kystgardar og store areal, som elles kunne ha blitt for tungdrivne. Drifta har vorte modernisert med spesialutstyr som elektronisk overvaking av sau med radiobjøller, nofence og spesialtilpassa fraktbåt som lettar flytting av sauene mellom øyene.

Aktiv drift med utegangarsau og beiting gjer at kystlandskapet blir ivareteke.
Aktiv drift med utegangarsau og beiting gjer at kystlandskapet blir ivareteke. Foto: Aase Nøttveit, Stord kommune.

Inkluderande drift

Skjøtselen har også gjeve betre tilgjenge til kulturlandskapet. Han har samarbeidd med turlag om skilting av turområde – også på øyer som er tilgjengelege for lokale båtturistar. Han delar kunnskapen sin gjennom lokalavisa og i fagnettverk.  

Samarbeidet med lokalsamfunnet og andre grunneigarar er godt, og arbeidet dei gjer er med på å bevare viktig biologisk mangfald i kystlandskapet. Arbeidet med lyngbrenning har vore særs viktig, då det i Vestland har vore utfordrande å få til nok brenning av kystlynghei. Han har tatt initiativ til å få lokale folk med i lyngheibrenninga, noko som aukar forståinga for berekraftig drift, og vidarefører tradisjonelle metodar til nye generasjonar. 

Lokalmat frå kystlynghei

John Inge Vik fungerer også som mentor for bønder som ynskjer å starte opp og kombinere villsaudrift med bevaring av kystlyngheiene. Produkta frå villsauproduksjonen hans er ettertrakta og vert selt til restaurantar og lokalmarknaden, noko som sikrar økonomisk berekraft. John Inge Vik mottek også støtte frå fleire tilskotsordningar, for å halde den arbeidskrevjande drifta oppe og ivareta naturverdiar. Med tilsette som bidreg til kontinuerleg tilsyn av dyra og planar om å utvide med eige slakteri, syner John Inge Vik ein imponerande kombinasjon av tradisjon, innovasjon og miljømedvit i arbeidet sitt med kulturlandskapet.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.