Kulturlandskap - UKL - Verdsarv

Kulturlandskap med styvingstre. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Jordbruket sitt kulturlandskap vert også gjerne kalla jordbrukslandskapet. Dette landskapet har jordbruket forma gjennom drift i fleire hunder år og gjer det også i dag.  

Jordbrukslandskapet er ein viktig del av nærmiljøet, og skapar tilhøyrigheit. Det gjev opplevingar av lokal natur, kultur og historie. Dette er viktige ressursar for lokal verdiskaping og utvikling i jordbruksbygdene. I Vestland er det fleire områder som får ekstra tilskot for å sikre ei langsiktig varetaking av desse verdiane og ressursane. 

Utvalde Kulturlandskap i Vestland (UKL)

Satsinga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket» er ei oppfølging av nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. Dette er eit samarbeid og spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene.

Utvalde kulturlandskap - nettportal

Av 51 utvalde område i heile landet er no 7 område i Vestland med i satsinga. Det er utvalde kulturlandskap (UKL) i desse kommunane i Vestland - her med lenker til kommunane sine nettsider for UKL: 

Grinde og Engjasete i Sogndal

Stadlandet i Stad

Ormelid i Luster

Lærdal UKL i Lærdal

Havrå i Osterøy

Gjuvslandslia i Kvinnherad

Sørfjorden i Ullensvang

 

Verdsarvområdet
Vestnorsk Fjordlandskap

Vestnorsk fjordlandskap vart innskrive på UNESCO si World Heritage List eller verdsarvlista i 2005. Vestnorsk fjordlandskap (VF) omfattar dei to delområda

Geirangerfjordområdet i Stranda kommune i Møre og Romsdal og

Nærøyfjordområdet i Aurland kommune i Vestland fylke


Vestnorsk fjordlandskap - nettportal 

Landbruksdirektoratet og Miljøverndepartementet har sidan 2008 løyvd midlar til verdsarvområda. Midlane skal nyttast i samsvar med Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområde Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan.

Landbruk og kulturlandskap utgjer ein viktig del av verdsarvverdiane i desse områda. Føremålet med midlane er å styrke og utvikle jordbruket i desse verdsarvområda slik at kulturlandskapsverdiane blir teke vare på for framtida.

Lærdal kommune (ÅLA-landbrukskontor) forvaltar verdsarvmidlane for Nærøyfjorden - søknadsfrist 1. september kvart år

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 03.07.2025

20-årsjubileum for Vestnorsk fjordlandskap som verdsarvområde

26. juni markerte Nærøyfjorden verneområdestyre jubileet med eit arrangement på garden Styvi.


Publisert 15.05.2025

Kystbonde nominert til den nasjonale kulturlandskapsprisen

Over fleire ti-år har John Inge Vik gjort ein stor innsats for å bevare og synleggjere kulturlandskapet i Vestland. No er han Vestland fylke sin kandidat til nasjonal kulturlandskapspris.


Publisert 17.01.2025

Kven fortener kulturlandskapsprisen for Vestland?

Prisen skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats med å ta vare på og utvikle kulturlandskapet.


Publisert 03.10.2024

Satsing på kulturlandskap i verdsklasse

I år fekk bøndene i verdsarvbygda Undredal den nasjonale kulturlandskapsprisen. Dei gjer eit imponerande arbeid med drift og utvikling i samspel med kulturlandskap og natur. Med gode støtteordningar og lokalt engasjement går fleire bygder i Vestland i same retning.


Publisert 04.09.2024

Nasjonal kulturlandskapspris til Verdsarvbøndene i Undredal

Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2024 vart denne veka tildelt Verdsarvbøndene i Undredal, for det framifrå arbeidet dei gjer for å ta vare på verdiane i landbruket sitt kulturlandskap.


Publisert 28.08.2023

Nok ein pris til kulturlandskapet i Vestland

Dagen etter utdelinga av Kulturlandskapsprisen i Vestland til verdsarvbøndene i Undredal, vart Den nasjonale Kulturlandskapsprisen for 2023 tildelt Skjolden beitelag for deira arbeid og engasjement for kulturlandskapet i Mørkridsdalen


Publisert 23.08.2023

Kulturlandskapsprisen til verdsarvsbøndene i Undredal

– Denne aller første Kulturlandskapsprisen i Vestland går til det framifrå arbeidet de gjer for å ta vare på verdiane i landbruket sitt kulturlandskap. Gratulerer så mykje, sa fylkesordførar Jon Askeland, då han delte ut prisen i Undredal tysdag.


Forskrift UKL + Verdsarv

Søknadsportal for UKL

Søknadsportal Verdsarv

Landbrukets kulturlandskap - tilskot

Det er eit viktig landbrukspolitisk mål å sikre berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt vern av jordsmonnet, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet. Landbruket har eit ansvar for å følgje opp desse måla gjennom god forvaltning og drift av areala. Arbeidet med kulturlandskap er tverrsektorielt og femner både landbruk, natur-og kulturminne-sektoren.

Aktuelle tilskotsordningar kan vere ordningar til dømes både under:

I tillegg forvaltar eit utval kommunar tilskot til:

Statsforvaltaren er klageinstans i alle tilskotssakene.