Tilskot til drenering av jordbruksjord - auka tilskotssatsar frå 1. juli 2022

I jordbruksforhandlingane i år blei partane einige om å auke tilskotssatsane til drenering frå 1.juli 2022.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.06.2022

Dei nye satsane er 2 500 kroner per dekar og 38 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 2 500 kroner per dekar areal. Endringane gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli 2022.

Tilgjengelege midlar i Vestland

Kommunane i Vestland fekk tildelt ei total ramme for tilskot til drenering på tilnærma 7 millionar kroner i 2022. Foreløpige tildelingar dette året er på 1,1 millionar kroner. Det er dermed mykje midlar att til nye søknadar.

Søknader som er sendt inn før 1.juli der tiltaket ikkje er starta opp

Søkarar som har fått innvilga tilskot før 1.juli etter gamle satsar, kan trekke søknaden og sende ny søknad dersom arbeidet ikkje er starta opp. Kommunen gjer då nytt vedtak om tilskot, og avsluttar den gamle saka. I tillegg til endre tilskotssum, kan det bli satt ny arbeidsfrist. I mellomtida kan også planane ha blitt endra.

Søknader som kommunen ikkje har handsama før 1.juli, vil bli innvilga med nye satsar (utan ny søknad).

Søknadar som er sendt inn før 1. juli der tiltaket er starta opp

Etter forskrifta § 3 kan det ikkje gjevast tilskot der tiltaket er starta opp. Dette betyr at kommunen ikkje kan gje tilskot etter fornya søknad og med nye satsar dersom arbeidet med dreneringa er starta.

Kontakt kommunen

Det er kommunane som gjer vedtak i tilskotsordninga. Det inneber at kommunen har ansvar for å fastsette søknadsfristar, informere og rettleie om regelverket og om søknadsprosessen. Kommunen skal og behandle søknader, gjere vedtak om tilskot og godkjenne utbetaling av tilskot. Ta kontakt med din kommune om du har spørsmål. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.