Region Bjørnafjorden har fått fleire marknadshagar

Kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Tysnes har fått fleire småskala grønsaksprodusentar dei siste åra. I denne biletserien får du innblikk i marknadshagen til fleire av produsentane i Samnanger og Bjørnafjorden. Ein kan vente sal av lokalproduserte grønsaker frå Tysnes til neste år.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.07.2022

 

Her finn du biletreportasjar frå to gardar i gamle Fusa kommune, frå 2021:

 

Gjengevoll Mangesysleri i Samnanger

 

I år kom marknadshagen på garden Gjengevoll mangesysleri i gang for fullt. Garden ligg i grenda Tveit i Tysse, og vert drifta av paret Mari og Kjetil Gjengedal Austvoll. Med dugnadshjelp har dei i år fått etablert faste dyrkingsbed som skal produsere grønsaker i fleire år framover. I tillegg har dei sauer, utegangargris, bakstehus med lefser og urteprodukt for sal – eit ekte mangesysleri!
I år kom marknadshagen på garden Gjengevoll mangesysleri i gang for fullt. Garden ligg i grenda Tveit i Tysse, og vert drifta av paret Mari og Kjetil Gjengedal Austvoll. Med dugnadshjelp har dei i år fått etablert faste dyrkingsbed som skal produsere grønsaker i fleire år framover. I tillegg har dei sauer, utegangargris, bakstehus med lefser og urteprodukt for sal – eit ekte mangesysleri! Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

Dei dyrkar grønsaker på omtrent 1 daa, resten er til forproduksjon. Dei haustar óg urter og ville vekster for levering direkte til kundane eller inn i foredla produkt. For å sikre ein stabil grønsaksproduksjon – og fôrproduksjon – har det i år vorte gjort eit stor løft for å grøfte delar av arealet. Det er over 3000 mm med nedbør i året i Tysse, så det er viktig å ha kontroll på grøftesystema sine i dette området.
Dei dyrkar grønsaker på omtrent 1 daa, resten er til forproduksjon. Dei haustar óg urter og ville vekster for levering direkte til kundane eller inn i foredla produkt. For å sikre ein stabil grønsaksproduksjon – og fôrproduksjon – har det i år vorte gjort eit stor løft for å grøfte delar av arealet. Det er over 3000 mm med nedbør i året i Tysse, så det er viktig å ha kontroll på grøftesystema sine i dette området. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

Biletet er frå byrjinga av juni år. Med ein kald vår vart mykje av produksjonen forseinka, men beda i denne terrasserte skråningen blir fort varma opp. Jorda er godt drenert her og er sør-vestvendte.
Biletet er frå byrjinga av juni år. Med ein kald vår vart mykje av produksjonen forseinka, men beda i denne terrasserte skråningen blir fort varma opp. Jorda er godt drenert her og er sør-vestvendte. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

Foredling nær råvarene: Oppalet er i eit heimesnekra drivhus og urtene på eit areal like ved foredlingslokala i kjellardelen på hovudhuset.
Foredling nær råvarene: Oppalet er i eit heimesnekra drivhus og urtene på eit areal like ved foredlingslokala i kjellardelen på hovudhuset. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

Tunellen er ny av året og dei dyrkar tomat og agurk der.
Tunellen er ny av året og dei dyrkar tomat og agurk der. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

For å halde ugraset vekke i etableringsåra, nyttar dei papp ut mot kantane og dekker til med flis frå lauvtre for å sikre pappen mot vind og forseinke ugraset. I faste bed blir jorda løsna med ein brei-greip (broad-fork) før nytt hald med grønsaker (bilete til venstre).
For å halde ugraset vekke i etableringsåra, nyttar dei papp ut mot kantane og dekker til med flis frå lauvtre for å sikre pappen mot vind og forseinke ugraset. I faste bed blir jorda løsna med ein brei-greip (broad-fork) før nytt hald med grønsaker (bilete til venstre). Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

Gjengevoll Mangesysleri ynskjer å gje innsikt i korleis det er å kjøpe og drive eit småbruk på Vestlandet. Dei driv ein pludrecast som du kan fylje på www.gjengevoll.no.
Gjengevoll Mangesysleri ynskjer å gje innsikt i korleis det er å kjøpe og drive eit småbruk på Vestlandet. Dei driv ein pludrecast som du kan fylje på www.gjengevoll.no. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

Gjengevoll mangesysleri på facebook

@mangesysleriet

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.