Vil du bli medlem i eit beitelag?

Sauer på beite, snø, fjell, himmel
Beiteslepp Foto: Mary Ueland, SFVL.

Vinteren er godt i gang, jula er overstått og det er eit nytt år. Mange bønder nyttar denne rolege perioden til å delta i sosiale lag, og planlegge året og mål for drifta. Har du dyr i utmarka, utan å vere medlem i eit beitelag, er denne artikkelen retta mot deg. Vi skal nemne fordelar med å organisere seg, så har du høve til å tenke gjennom eit medlemskap før ny sesong tek til.

Publisert 09.01.2024

I Vestland fylke har vi i overkant av 200 aktive beitelag, som til saman slepp kring 300 000 dyr i utmarka. Det utgjer omtrent 75 % av sauene og 40 % av storfeet på utmarksbeite. Hovuddelen av dyra som vert sleppt er sau og lam, men det er også nokre geiter, og stadig fleire storfe. I tillegg vert det sleppt fleire enn 100 000 dyr i utmarka som vert søkt produksjonstilskot på, utan å vere i beitelag.

image3r7h.png

Føremålet med organisert beitebruk

Organisert beitebruk (OBB), populært kalla beitelag, vart oppretta for å legga til rette for meir rasjonell utnytting av utmarka, redusere tap av dyr på beite, og fremja bruken av utmarksbeite. Å vere medlem i beitelag skal forenkla arbeidet med tilsyn og sanking av dyr, og beitebrukarar kan dra nytte av kvarandre. Anten ved vedlikehaldsarbeid, auka tilsyn grunna sjukdom eller rovdyr, eller ved akutte tilfelle, t.d. å redde skårfaste dyr.

35 % av Noregs landareal vert brukt av beitelag, og NIBIO har ein kartdatabase der ein kan gå inn og finna dette festa i kart, med statistikk for sleppte og tapte dyr for det enkelte beiteområdet. Her kan du sjå kva beitelag som er i ditt område. Figur 1 syner kor stor del av fylket som vert nytta til beite, der alle registrerte beiteområde er teikna inn med svart strek.

Figur 1: Oversikt over beiteområde i Vestland fylke. Henta frå Kilden, NIBIO.

Økonomiske fordelar

I Vestland er det fleire tilskotsordningar som er retta mot beitelag og medlemmar i beitelag. Den største inntekta til mange beitelag er Tilskot til drift av beitelag, eller driftstilskot. Det vert måla ut per sleppte dyr i utmarka, og den foreløpige satsen for sesongen 2023 er 25 kr per småfe og 35 kr per storfe/hest. Tilskotet kan brukas på alle tiltak som betrar utnyttinga av utmarksbeite, reduserer tap av dyr, og som fremjar fellestiltak i beiteområda.

Beitebrukarar har også moglegheit til å søka Tilskot til tiltak i beiteområde – investeringstilskot. Enkeltbønder kan søka, men kommunane har utarbeida eigne lokale strategiar for kva tiltak dei vil støtta ut frå utfordringane som er, og mange vel å prioritera beitelag. Då kan gode tiltak få støtta inntil 70 % av kostnadsoverslaget.

Om dyra dine beitar i område som ligg høgare enn 600 m.o.h. kan du søka tilskotet beiting i verdifullt jordbrukslandskap. Dette gjeld sau som har beiteområdet sitt høgare enn 600 m.o.h., og ein kan få tilskot for maksimalt 100 vaksne sau (eldre enn eitt år). Det er eit krav at ein må vere medlem i beitelag, men du søker sjølve i eigen søknad og oppgir kva beiteområde du høyrer til. Foreløpig tilskotssats for 2023 er kr 25 per dyr.

Kvifor organisere seg?

Som medlem i eit beitelag er du med i eit fellesskap for å halde oppe tradisjonen med utmarksbeiting. Matproduksjon i utmark har fleire gode aspekt, både for sosial, økonomisk og miljømessig berekraft. Det er god utnytting av ressursane i utmarka, god dyrevelferd, og det gir oss kortreist mat.

Du kan vere med i eit beitelag sjølv om du beitar åleine i ditt beiteområde. Dine dyr er uansett viktige for bruken av utmarka, og gjennom beitelaget kan du t.d. søke om tilskot til radiobjøller/elektronisk sporing.

Det viser att i utmarka at gardsbruk legg ned drifta. Når beiteområde vert ståande tomme vert det ingen naturleg barriere for buskapane som er att, og dyra spreier seg over større område. Det gjer at tilsyn og sanking i eit allereie utfordrande terreng vert vanskelegare. Medlemskap og organisering i beitelag skal gjere at dette arbeidet vert litt lettare, og fordelt på fleire.

Vi vil oppmode alle som slepp dyr i utmarka om å melde seg inn i eit beitelag. Det gagnar både deg og laget. Om de er fleire i eit område som har lyst å skipa eit nytt beitelag er det nokon ting som må på plass for å vere søkegode til årets søknadsomgang i november, men nye lag er hjarteleg velkomne!

Om du har spørsmål til ordninga kan du ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen, oss hjå Statsforvaltaren, eller lokal- og fylkeslag i Sau og Geit.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.