Tilskot til drift av beitelag

Sanking av sau på utmarksbeite.
Sanking av sau på utmarksbeite. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Det kan gjevast tilskot for drift av beitelag som er registrerte i Einingsregisteret og som har beitedyr i utmark.

Publisert 16.07.2019, Sist endra 14.04.2021

For at søknaden skal kunne godkjennast må:

  • Beitelaget ha minst 2 medlemmar
  • Dyra ha vore minst 5 veker på utmarksbeite
  • Beitelaget ha organisert tilsyn og sanking tilpassa lokale tilhøve (minimumskrav er felles ettersankedato for beitelaget/kommunen)
  • Beitelaget ha levert inn årsrapport i, eller som vedlegg til, søknaden (årsrapporten kan skrivast i fritekstfeltet i søknaden)
    Årsrapporten skal innehalde:
  1. Dato for årsmøte i søknadsåret. NB! Det er ikkje krav om årsmøte i 2021 grunna Covid19.
  2. Sum midlar på konto per 1. november i søknadsåret
  3. Kort årsmelding som syner aktivitet i beitelaget og målretta bruk av midlar for beitebruk i utmark i søknadsåret, samt eventuelle utfordringar for beitelaget og beitebruken

Tilskotet er ei driftsstøtte til fellestiltak kring beitebruk i utmark. Tilskotet kan brukast til alle investeringar eller tiltak i regi av beitelaget som er positive for beitebruken i utmark, også til gjerdehald mot utmark eller for lengre transport til og frå utmarksbeite.

Medlemmane kan søke beitelaget om støtte til investeringar eller tiltak som er positive for beitebruken i utmark. For større investeringar og tiltak kan beitelaget søke kommunen om investeringsstøtte i tillegg til driftsstøtta som beitelaget får gjennom Regionalt miljøprogram.

NB! Både investeringsstøtta og driftsstøtta skal brukast til tiltak i utmark, ikkje på innmark.

Beitelaga kan velje å organisere seg per kommune slik at også føretak som er åleine i sitt utmarksområde kan vere medlem i eit beitelag. Det vil variere mellom beitelaga i kor stor grad samarbeid kring organisert tilsyn og sanking kan utførast grunna dyr i ulike beiteområde, men minimumskravet er felles ettersankedato for beitelaget eller kommunen. Mjølkekyr og mjølkegeit kjem inn under tiltaket dersom dei oppfyller kravet til minst 5 veker beiting i utmark og føretaket er medlem i eit beitelag.

Beitelag har eigen søknadsomgang med søknadsfrist 15.november.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

Storfe og hest kr 35 per dyr sleppt på utmarksbeite
Småfe kr 30 per dyr sleppt på utmarksbeite

(Førebelse tilskotssatsar er justerte i høve til 2020 med 5 kr auke for småfe. Tilskotet vert utmålt per dyr som er sleppt på utmarksbeite, og det er strengare krav til drift av og rapportering frå beitelaga enn tidlegare, sjå definerte krav over.)