Oppsummering frå samling i økonominettverket 2022

Årets samling i nettverket er gjennomført, og arbeidsutvalget takkar alle innleiarar og deltakarar for ein god og innhaldsrik konferanse.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.11.2022

Hovudtema på første dag var forslag til nytt inntektssystem - NOU 2022:10, med eit spesielt blikk på kommunane i Vestland, og gjennomgang av KS-modellar. I tillegg drøfta vi gjeldsforvaltning og finansiell risiko, der stikkorda var renter, finansreglement og framtid.

På dag to var tema verksemdstyring, og korleis dette vert løyst i kommunane frå plan til handling. Vi hadde gode innlegg frå både innleiarane og kommunane. I tillegg hadde Statsforvaltaren ein bolk med aktuell informasjon. 

Alle presentasjonane finn du til høgre i artikkelen her.



 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.