Kommuneøkonomi 2021–2024
Statsforvaltaren har gått gjennom budsjett og økonomiplanar for 2021–2024 til alle kommunane i Vestland. I tillegg til kontroll av balanse i budsjetteringa, har vi sett på sentrale økonomiske nøkkeltal, og korleis kommunane har følgt opp økonomiplanlegginga etter kommunelova.
Gjennomgangen viser at fleirtalet av kommunane i Vestland planlegg dei neste fire åra med svake netto driftsresultat og sterk auke i lånegjelda. Det er først og fremst 2021 som er budsjettert med svake resultat og større auke i gjelda. Styrkinga av resultata frå 2022 må sjåast i samanheng med gjennomføring av større planlagde innsparingar. Dette er med å bidra til ein positiv effekt for den frie eigenkapitalen i drifta, gjennom auka disposisjonsfond samanlikna med driftsinntektene.
Les meir om korleis kommunane budsjetterer fram til 2024 i dokumentet om kommuneøkonomien, og samla taloversikt for budsjett og økonomiplanar, til høgre i artikkelen.
Artikkelen om publisering av budsjettbreva til alle kommunane finn du her.
Kontaktpersoner
-
Kåre Træen
Tlf: 57 64 30 04 / 97 75 79 56 -
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 / 95 80 97 40 -
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35 -
Nils Erling Yndesdal
Tlf: 57 64 31 20 / 95 72 33 72