Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2020

Kommunar med høge utgifter til særleg ressurskrevjande tenester, høgare sats for arbeidsgjevaravgift og svak økonomi er prioritert i skjønnsfordelinga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.10.2019

Nasjonalt er basisramma for skjønnsmidlar til kommunane redusert med 50 mill. kroner samanlikna med 2019 (5 %). Reduksjonen er overført til innbyggjartilskotet i inntektssystemet. Ramma til Vestland er 163 mill. kroner. Samanlikna med 2019 er det ein reduksjon på 5,3 mill. kroner, eller 3,3 %. Ramma er fordelt slik mellom dei ulike typar skjønnsmidlar:

  • ordinære skjønnsmidlar til kommunane i statsbudsjettet 126,2 mill. kroner
  • fornyings- og innovasjonsprosjekt 22,1 mill. kroner
  • til seinare fordeling i budsjettåret 14,7 mill. kroner

Fordeling av skjønnsmidlar for 2020 er første året med ein fullt ut samla prosess i nye Vestland. Dei to tidlegare embeta har hatt noko ulike prosessar fram mot fordelinga til kommunane. Dette er no langt på veg samordna. Men arbeidet til neste år med fordelinga for 2021, må også nyttast for å få til ein fullt ut heilskapleg fordeling til kommunane i Vestland.  Frå 2020 blir det og ein ny kommunestruktur med 43 kommunar i Vestland, mot 59 i dagens inndeling. Dette skal det og takast omsyn til i fordeling av skjønnsmidlane.

Når det gjeld utilsikta verknader i inntektssystemet for kommunar som slår seg saman, viser vi til brev frå Kommunal og moderniseringsdepartementet frå 6. september. Du finn brevet vedlagt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.