Budsjett og økonomiplanar for kommunane 2021 - 2024

Kommunane sender budsjett 2021 og økonomiplan 2021 – 2024 til Statsforvaltaren, som går gjennom dokumenta etter kommunelova med forskrifter og retningslinjer.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.02.2021

For kommunar som ikkje er under statleg kontroll og godkjenning (Robek-registrerte) er dokumenta sende til Statsforvaltaren til orientering, jf. kommunelova § 14-3 fjerde ledd. Statsforvaltaren skal ikkje godkjenne budsjett og økonomiplan for desse kommunane. Men vi kontrollerer at budsjett og økonomiplan er i balanse og at det ikkje er budsjettert med uspesifiserte innsparingar, som er knytt til om ein kommune skal registrerast i Robek.

For kommunar som er registrerte i Robek gjer vi ein grundigare gjennomgang av planane, og skal godkjenne låneopptak som kommunestyret/heradsstyret har vedteke for budsjettåret.

Alle kommunane får brev med tilbakemelding om korleis Statsforvaltaren vurderer kommunens økonomi og utviklinga slik den er planlagt i budsjett og økonomiplan. Etter kvart som vi har gjort gjennomgangen og sendt brevet til kommunen, blir dette lagt ut under denne artikkelen. Når gjennomgangen er gjort for alle kommunane, lagar vi ei samla oppsummering med vurdering for kommunane i Vestland. For kommunar som er/blir registrert i Robek, blir brevet til kommunen lagt ut i ein eigen artikkel.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.