Statsforvaltaren opphevar planvedtak i Kinn

Vi har oppheva Kinn kommune si avgjerd om å avslutte planprosessen for Måsholmen - Håskjera, næring og hamn. Dette betyr at Kinn kommunestyre må ta stilling til reguleringframlegget på nytt.

Publisert 22.04.2026

Kinn kommunestyre handsama framlegg til reguleringsplan for Måsholmen – Håskjæra næring og hamn, i møte 29. januar. Kommunestyret vedtok å ikkje gå vidare med planarbeidet, slik at framlegget til ny reguleringsplan vart lagt bort. Forslaget som ikkje vart vedteke, omfatta nye hamn- og næringsareal gjennom utfylling i sjø, for å løyse behova for ny containerhamn og nye industriareal.

Etter plan- og bygningslova er det kommunestyret som er planstyresmakt. I saker der det ikkje ligg føre motsegn frå regionale eller statlege styresmakter, er det derfor kommunestyret sjølv som avgjer om ein reguleringsplan skal vedtakast. Avgjerda kviler på fritt, fagleg og arealpolitisk skjønn, og er ein sakstype der omsynet til det lokale sjølvstyret veg tungt. Tre kommunestyrerepresentantar kravde lovlegkontroll av vedtaket.

Vi har konkludert med at ein av representantane som fremja framlegget om å avslutte saka, var inhabil. Same dagen som saka vart handsama i kommunestyret, hadde denne representanten sendt ein e-post til kommunen og Florø Hamn KF, med varsel om søksmål dersom det vart vedteke utbygging i Gunhildvågen. 

Vi har lagt vekt på at varsel om søksmål ikkje er kommunikasjons- eller ytringsform som er vanleg å nytte for å fremje lokalpolitiske standpunkt. Det er derfor mest naturleg å oppfatte e-posten som eit formelt varsel etter tvistelova, og ikkje som ei politisk ytring. Dette gjer framgangsmåten til eit særeige forhold, jf. forvaltningslova § 6 andre avsnitt. Representanten var derfor inhabil etter kommunelova, og skulle ikkje teke del i handsaminga av saka.

Vedtaket om å avslutte planarbeidet fekk eit knapt fleirtal, med 21 mot 18 stemmer. Statsforvaltaren kan ikkje utelukke at representanten også kan ha påverka andre, og dermed også det endelege resultatet. Kommunestyret må derfor ta stilling til planframlegget på nytt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.