Høyring av frivillig skogvern for Gyttavatnet i Fjaler

Høringsfrist:
13. mai 2024 23.59
utsyn over eit landskap med furutre, lågt skydekke og islagt vatn
Gyttavatnet kandidatområde for frivillig skogvern er relativt lågtliggjande og inkluderer verdifull skog som leveområde for ei lang rekke artar. Biletet er teke ein februardag med lågt skydekke og syner kandidatområdet nordvestover frå Gyttakleiva, ein topp på 130 meter over havet . Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Som ein del av arbeidet med å ta vare på verdifull norsk natur for framtida sender vi forslag om vern av Gyttavatnet naturreservat i Fjaler kommune på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 13. mai 2024.

Publisert 11.03.2024

Framlegget vårt til skogvernområde, Gyttavatnet naturreservat, er lokalisert på gards- og bruksnummer 26/1, 96/1, 96/3, 96/8, 96/9, 98/3, 100/4, 100/5 og 104/2 i Fjaler kommune. Arealet er eigd av private grunneigarar som har signert tilbod om vern av eigedommane som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Miljødirektoratet eig også areal der. Kandidatområdet ligg mellom Gyttavatnet og Breidvatnet, sør for Flekke, mellom 10 og 455 moh.

Høyringa gjeld eit areal med storleik på 4475 dekar. Høyringsdokument, framlegg til verneforskrift og kart over foreslått verneområde ligg til høgre i denne nettsaka.

Vern av skog sikrar naturmangfald og karbonlagring for framtida

Gjennom behandling av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 prosent av skogarealet. Per januar 2024 var omlag 5,3 prosent av skogarealet og ca. 4 prosent av den produktive skogen verna i Noreg. Vi har litt over 3 prosent skogvern i Vestland.

Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er viktig for å nå fleire miljømål vedtekne av Stortinget. Vern av skog er også positivt for langtidslagring av karbon i arbeidet mot klimaendringane.

I stortingsmeldinga vert auka skogvern framheva til å ha stor positiv effekt på trua artar i skog, og regjeringa vil vidareføre det langsiktige arbeidet med skogvern. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Årets nyleg vedtekne statsbudsjett viser ei historisk høg satsing på skogvern i Noreg.

ei trestamme som har masse hull i seg og med eit skogslandskap i bakgrunnen
Død ved er eit viktig element i skogen fordi så mange insekt, sopp og lav treng dette i livssyklusen sin. Då finn også hakkespettane mat, slik spora på treet her kan vitne om. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Grunneigarar tilbyr skog til vern i dialog med staten

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigarane i kandidatområdet Gyttavatnet har akseptert det økonomiske tilbodet frå staten. Det er AT Skog som har framforhandla vernet på vegner av grunneigarane og som ivaretek interessene deira i dialogen med staten om m.a. erstatning, vernegrenser og vernereglar.

Seks av ti artar på fastlandet i Noreg treng skogen som levestad

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. 

Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som fylgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre Vestlandsnaturen for framtida.

Verneverdiar i Gyttavatnet naturreservat vil bidra til å dekke manglane i skogvernet i landet

Skogen vi foreslår til vern inkluderer 12 ulike naturtyperegistreringar i eit forholdsvis samanhengande og intakt område av lågareliggjande skog. I arealet er det registrert stor variasjon i vegetasjon, og jamt over fleiraldra skog med lite påverknad av menneskeleg aktivitet. Det er gamal kystfuruskog med blåbærskog og lågurtskog med seintveksande furutre, stadvis truleg med alder på truleg over 300 år. Skogen ligg i boreonemoral og sørboreal vegetasjonssone, og klart oseanisk/sterkt oseanisk kystseksjon.

Sørvest i tilbodsområdet ligg ei nordvendt kløft med velutvikla lav- og mosesamfunn med fuktkrevjande artar, og det finst fleire lokalitetar med velutvikla gamal boreal lauvskog med kravfulle raudlista artar som olivenlav og kystprikklav. Ved vatnet er det blåbær-svartorskog og alm-lindeskog av vestleg utforming med hasselkratt. Artsregistreringar som ospeildkjuke tyder på god kontinuitet av osp. Eit funn av blomsterstry (VU) var det andre funnet av arten på Vestlandet.

ein lav som veks på ein grein
Blomsterstry er ein sjeldan art i Vestland av kantlav-ordenen, og funnet av denne arten ved Gyttavatnet var det andre funnet i vår landsdel. Den er kategorisert som sårbar på den norske rødlista og den veks på greinar av spesielt eik i område med god kontinuitet i skogen. Foto: Endre Timdal.

Vi vurderer området til å oppfylle viktige manglar i skogvernet både i fylket og nasjonalt med gamal og variert rik og fattig edellauvskog, fattig boreonemoral regnskog og forholdsvis intakte område av lågareliggjande skog i boreonemoral og sørboreal vegetasjonssone. Området har vore kartlagt av erfarne biologar, og Statsforvaltaren er kjent i området gjennom synfaringar i felt.

Heimelsgrunnlag for skogvern

Vern av spesielle område eller førekomstar skjer i medhald av naturmangfaldlova jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for vedtak av ulike vernekategoriar. Vernekategorien naturreservat i § 37 er det strengaste vernet etter naturmangfaldlova, vurderer vi er mest aktuelt for Gyttavatnet.

Det er kulturminne i området og ferdsel langs den Tronhjemske postvegen

For å ta vare på dei sårbare naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne området som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet.

Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst, nye anlegg, el-sykling, motorisert ferdsle, med meir. I høyringsdokumentet som ligg til høgre i denne nettsaka ligg ei grundig utgreiing av brukarinteressene vi fekk innspel på etter oppstartsmeldinga. Mellom anna drøfter vi korleis postvegen kan bli ivareteke, større arrangement, skjøtsel, kraftliner med meire.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil vi vurdere innspela og ta endeleg stilling i vår tilråding av vern til Miljødirektoratet.

Det er mogleg å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no

Vi har også ei eiga temaside med lenkje her om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga. 

Frist for å kome med innspel er 13. mai 2024.

I adresselista i høyringsbrevet har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.