Frivillig skogvern i Vestland

Naturmangfaldet i Vestland er under sterkt press. Frivillig skogvern er det viktigaste tiltaket for å ta vare på skognatur i Noreg. Her vil vi informera om dette arbeidet i Vestland.

Storparten av artane i Noreg lever i skog, og derfor er frivillig skogvern ein sentral del av den nasjonale satsinga for å ta vare på naturmangfaldet. Samanlikna med tidlegare verneprosessar, har òg erstatninga til grunneigarar for tilbydd areal gjennom ordninga frivillig skogvern vore særs gunstig.

Parti med eldre lågurtfuruskog ved Litletveit som inngår i utvidingsområde for Uranes naturreservat i Kvam herad. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©

Dei nye naturreservata for skog skal bidra til å oppfylle dei nasjonale måla for naturmangfald som Stortinget har slutta seg til. Måla er fastsett gjennom Stortingsmelding (2015-2016) Natur for livet:

1. Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.
2. Ingen artar og naturtypar skal bli utrydda som følgje av menneskeleg aktivitet, og utviklinga for trua og nær trua artar og naturtypar skal bli betre.
3. Eit representativt utval av norsk natur skal bli teke vare på for kommande generasjonar.

Berre 3,1 prosent verna i Vestland

Det er ei nasjonal målsetting å verne 10 prosent av skogen i landet, og så langt (i 2020) er ein halvvegs til målet. No er 5 prosent av skogen verna i Noreg. I Vestland vil vi, i løpet av året, berre ha 3,1 prosent av skogen beskytta mot inngrep. Vestlandsskogane med sin store variasjon i naturtyper er unike for landet. Det er difor viktig med god fart på arbeidet, slik at vi kan nå målet innan dei næraste åra. Med den farten vi har i dag på arbeidet vil vi nå målet om 10 prosent først i år 2068.

Hastar med meir vern

Det hastar med å sikra dei viktigaste naturområda for frivillig skogvern. Det er eit stort utbyggingspress i Vestland fylke, sjølv utanfor dei mest folkerike områda. I tillegg har vi ein skogtype her som vi har eit internasjonalt ansvar for; vestnorsk regnskog. 

Ville vakre Vestland

Den sørlege delen av Vestland er prega av eit mildt oseanisk "havklima". Vi har eit særleg ansvar for artar som er tilpassa slikt klima. Det gjeld spesielt artar i oseaniske skogtypar på rik berggrunn, i vestnorsk regnskog og i rike edellauvskogtypar.

I nordlege Vestland har ein større gradientar i oseanitet, og i tillegg meir kontinentale trekk i indre fjordstrok. Mange trua og sjeldne artar har viktige førekomstar her. Alm og ask er særleg viktige levestader for disse einskilde artane. 

Rik edellauvskog er blant dei mest artsrike skogtypane vi har i Norge. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©Rik edellauvskog er blant dei mest artsrike skogtypane vi har i Norge, og er i tillegg til vestnorsk regnskog særleg prioritert for frivillig skogvern i Vestland. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©

Kvifor vern av skog?

Den 4. mai 2019 publiserte det internasjonale naturpanelet (IPBES) ein tilstandsrapport for jordas naturmangfald. Rapporten dokumenterer ei masseutrydding av artar på same nivå som då dinosaurusane vart utrydda for 65 millionar år sidan. Mennesket har endra tre firedelar av miljøet på land, og om lag ein million av åtte millionar dyre– og planteartar er trua. Mange av desse risikerer å bli utrydda dei neste tiåra. Rapporten konkluderer vidare med at tap av natur er eit trugsmål mot menneskeheita.

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald i Norge, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Gjennom embetsoppdraget har Statsforvaltaren skogvern som eitt av dei mest prioriterte oppgåvene på miljøområdet.

Det å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Har du naturskattar i din skog?

Informasjon om kartlagde naturtypar og artar er lett tilgjengelege i offentlege kartportalar som miljostatus.no og naturbase.no. Eig du utmark utan for mykje inngrep kan det vere at du har gull i den grøne skogen. Kanskje frivillig skogvern kan vere det beste alternativet for å realisere verdiane for framtida? Følg lenkja oppe til høgre for å ta kontakt om frivillig skogvern.

testEi furu kan dø like lenge som den lever. Når furua dør kan den bli levestad for mange tusen ulike artar. Mange trua og sjeldne artar, som til dømes av lav, har levestad på død ved. Bilete frå Breisete naturreservat. Foto: Maria Knagenhjelm

Slik fungerer frivillig skogvern

I dei siste tiåra er det frivillig skogvern som har vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Om det aktuelle området er interessant for vern, kan det setjast i gang ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet heilt fram til ein avtale er signert.

I Vestland er det skogeigarorganisasjonane AT Skog og Norskog som representerer grunneigarane ved vernearbeidet. Sjå kontaktinformasjon til skogeigarorganisasjonane oppe til høgre. Etter forhandlingar om avgrensing av areal, vernereglar og erstatning, vil området gjennomgå vanleg sakshandsaming i tråd med naturmangfaldslova. 

Kva betyr det for grunneigaren? 

Samanlikna med tidlegare verneprosessar, har erstatning for areal gjennom ordninga frivillig skogvern vore svært gunstig. Erstatningssummen til grunneigarane er skattefri. 

Frivillig vern av skog gir det tilbydde arealet status som naturreservat. Då er skogen verna mot hogst og andre inngrep som til dømes nye vegar, bygg, kraftlinjer og drenering. Grunneigar har framleis eigedomsretten, og eit vern er ikkje til hinder for jakt, beite eller fiske. Dersom det er bygningar i verneområdet kan desse haldast ved like og bli brukt innanfor rammene i verneforskrift og forvaltningsplan. 

Skogeigar viser fram parti eldre skog i Gripakletten naturreservat i Alver kommune. Området vart verna 20. desember 2019. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©Skogeigar viser fram parti eldre skog i Gripakletten naturreservat i Alver kommune. Området vart verna 20. desember 2019. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©

Eit meir treffsikkert vern

Mangelanalysar gjort av biologar på oppdrag av Miljødirektoratet viser at det er underdekning av vern av dei fleste naturtypane i Vestland. Det gjeld òg for naturtypar som vi har eit nasjonalt og internasjonalt ansvar for. Særleg viktig er det derfor å få verna førekomstar av vestnorsk regnskog (temperert regnskog). Vidare blir det prioritert eikeskog, alme-lindeskog, gamal lauvblandingsskog, og både oseanisk skog og bekkekløfter i indre fjordstrok. Større område med gamle furuskoger, gamle ospeholt og hassel kan være tilholdsstad for røudlista artar, og er interessant. Skog på høg bonitet i låglandet er særleg mangelfullt dekka, då mange av desse areala anten er nedbygd eller planta til med gran.

Auka interesse for skogvern

Vi har om lag 9 440 km2 skog i Vestland, og sidan første vedtak i 2015 er drygt 50 km2 (pr. 28.8.2020) av skogen verna gjennom frivillig skogvern. I tillegg er om lag 220 km2 verna gjennom tidlegare verneprosessar. Vernetakten har auka, og dei siste to åra er 16 område på privat grunn blitt verna gjennom frivillig skogvern. Det har gitt eit areal på omlag 39 km2 med skog. I løpet av 2020 ligg det an til vernevedtak for 13 område med samla skogareal på 20 km2.

Frivillig skogvern som ordning har vore vellukka så langt i Vestland. Statsforvaltaren har gjennomført verneprosesser i viktige og representative skogsområde i fylket. Det er framleis langt fram til målet om 10 prosent vern i Vestland, så ta kontakt om du er interessert i å høyre meir om ordninga. 

Trolsk stemning i Hunvika, Stad. Foto: Maria Knagenhjelm

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.