Vi melder oppstart av frivillig skogvern på Bermål i Lærdal kommune

Høringsfrist:
24. april 2024 23.59
eit skogslandskap med daude tre og levande tre
Skogområde med mykje død ved i ulike nedbrytingsstadium og med ulike treslag er særs viktige for alle artane som lever der. Vi set no i gang verneprosess på Bermål i Lærdal kommune, der det er stor variasjon i både treslag og død ved. Foto: Biofokus.

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Bermål naturreservat i Lærdal kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 24. april 2024.

Publisert 22.03.2024

Etter dialog med grunneigarane og AT Skog melder vi formell oppstart av frivillig skogvern for eit nytt naturreservat ved namn Bermål i Lærdal i Vestland fylke. Bermål vil grense mot Kvitingsmorki naturreservat, som i dag ligg innanfor grensa til Årdal kommune. Vi set i gang med utviding av Kvitingsmorki naturreservat også, inn i Lærdal kommune, med ein separat prosess som vil komme i løpet av kort tid.

Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Kor er Bermål og kva ligg inne i tilbodet?

Arealet vi startar skogvernprosess på gjeld gards- og bruksnummer 46/1 og 47/1 i Lærdal kommune. Bermål ligg tett ved kommunegrensa til Årdal, på sørsida av riksveg 53 mellom Fodnes og Naddvik på sørsida av Sognefjorden. Arealet er om lag 5420 dekar stort og av 3227 dekar skogdekt areal er om lag 2755 dekar produktiv skog.

Tilbodet frå grunneigarane kom oss i hende den 31.01.2022. Bermål vart kartlagt sommaren 2022 etter prosedyra for frivillig skogvern og fekk ein verdi på 5,5 etter ny kartleggingsmetodikk (på ein skala frå 0-9).  Sjå kart til høgre i denne artikkelen.

nærbilete av brent treverk med ein lav som veks på sota område
Dette er truleg lys brannstubbelav, ein art som er observert i Bermål i Lærdal. Den veks på brent furuved der den etablerer seg. Det var ein større brann i området for nokre tiår sidan, noko ein ser att på ein del av dei større bartrea. Foto: AT Skog v/ Vebjørn Enerstvedt.

Gamle og store tre, sjeldne artar og truga naturtypar

Bermål ligg i ei nord- og vestvendt, bratt liside i ein gradient frå fjord til fjell på sørsida av Sognefjorden, i kommunane Lærdal og Årdal. Skogen er i hovudsak dominert av furu, med bjørk og storvaksne ospetre. Ein finn også parti med meir varmekjær vegetasjon som hassel og gråor. I nordlege delar med rikare mark førekjem den raudlista naturtypen kalk- og lågurtfuruskog (VU). Kartleggingsarealet inkluderer også bjørk og rogn i rasmarkskog, med stadvis store mengde død ved av bjørk. Det er også død ved i store dimensjonar etter m.a. skogbrann, der m.a. signalarten pusledraugmose, som utelukkande finst på dødved, er registrert. Furutre med alder på 350 år er registrert.

Det er stor variasjon i vegetasjonen og naturtypar knytt til ulike høgdelag, og med påverknad som ras, brann og snøskred dannar dette mange habitat. Bermål dekker fire ulike vegetasjonssoner, der både mellomboreal, nordboreal, sørboreal og boreonemoral sone inngår i ein gradient frå fjord til fjell. Av åtte raudlista artar registrert i området er seks nær truga og ein sterkt truga (ask).

Skogen på Bermål oppfyller viktige manglar i skogvernet

Området oppfyller manglar i skogvernet knytt til bonitet, truga artar, raudlista naturtype i form av kalk- og lågurtfuruskog, og andre mangelnaturtypar som kalkbjørkeskog, gråor-heggeskog av lisidetype og gamal lauvblandingsskog. Tilbodsområdet er delvis lågareliggjande. Etter kartlegginga har vi fått knytt Bermål med Skogateigen, og slik fått eit potensielt samanhengande areal langs fjorden i lag med det eksisterande Kvitingsmorki naturreservat. Saman vil denne lisida kunne utgjere eit viktig og samanhengjande område med verdifull skog i Sogn. Sjå lenkjer til kartleggingar og omtale av naturmangfaldet til høgre i denne artikkelen.

Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland

Det er ei nasjonal målsetjing å redusere tapet av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med 3,3 prosent av skogen i fylket verna til no, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av skogen ved Bermål vil vi komme litt nærmare målet om å ta betre vare på sjeldne og truga artar og naturtypar i fylket.

eit større fridd furutre i ein skog
Kvifor vrir nokre tre seg rundt seg sjølve? Jo eldre eit tre blir, jo meir kan det gje seg utslag i ein slik spiralforma vekst. Dei fleste vrir seg mot høgre, og det viser seg at tre som veks i spiralform ofte toler meir vêr, vind og snøfall enn rette tre. Difor finn vi ofte meir vridde tre i vêrutsette område. Foto: Biofokus.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne Bermål som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til restriksjonar på bruk av området når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigar vil ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil kunne nytte området til friluftsliv, plukke matsopp og bær. Kulturminne kan bli restaurert og ivareteke i samråd med kulturminnemynde. Området er ikkje i utstrekt bruk som beiteområde for husdyr i dag, men det er hjort i området.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvaltaren.no innan 24. april 2024.

For oppstartsbrev med adresseliste (kommunen har fått eiga utsending), utkast til vernekart og meir bakgrunnsinformasjon, sjå ramma til høgre i denne saka.