Verktøy i arbeidet med førebygging av sjølvmord

Det finst fleire verktøy i arbeidet med førebygging av sjølvmord som det kan vere nyttig å kjenne til.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.10.2020

Med handlingsplanen for førebygging av sjølvmord «Ingen å miste», innførte regjeringa ein nullvisjon mot sjølvmord. Eitt av tiltaka i handlingsplanen er at regjeringa vil legge til rette for at kommunale helse- og omsorgstenester har nødvendig kompetanse for å førebygge, avdekke, avverje og følgje opp sjølvskadings- og sjølvmordsproblematikk.  

RVTS, fylkesmannen og samarbeidspartar arrangerer i haust to digitale fagdagar med tema førebygging av sjølvmord. Den eine fagdagen handlar om førebygging av sjølvmord blant vaksne, og den andre rettar seg om førebygging av sjølvmord blant barn og unge

I den samanheng viser vi under til nokre av verktøya og ressursane det kan vere nyttig å kjenne til som tilsett i helse- og omsorgstenestene, skuleverket eller som pårørande.

  • Rettleiande materiell for kommunane om førebygging av sjølvskading og sjølvmord 
    Materiellet gir informasjon om korleis kommunale helse- og omsorgstenester kan organisere arbeidet for å førebygge, avdekke, avverje og følge opp sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Det gir også konkrete råd om direkte oppfølging av personar som skadar seg sjølv eller tenkjer på å ta sitt eige liv. Les meir hos Helsedirektoratet.

  • E-læringskurs i sjølvmordsrisikovurdering for fastlegar og kommunepsykologar i primærhelsetenesta 
    Kurset gir ei innføring i korleis gjere ei sjølvmordsrisikovurdering, og er poenggjevande for legar og psykologar. E-læringskurset finn du på nettsida til Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF).
  • Mal for kommunal handlingsplan om sjølvmord og sjølvskading
    Kommunane skal førebyggje, avdekke, avverje, behandle og følgje opp sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Ein handlingsplan kan hjelpe i arbeidet. Dei regionale ressurssentra om vold, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) har utvikla ein nettressurs som kan hjelpe kommunar i arbeidet med kommunale handlingsplanar. Sjå meir på denne nettsida.
  • Førebygging av sjølvmord og sjølvskading i skulen
    Livet på timeplanen er både eit kompetansehevingsprogram og ein nettressurs som gir informasjon om korleis ein kan fange opp barn og unge som skader seg sjølv, eller har sjølvmordstankar. Målgruppa for nettressursen er lærarar, skulehelseteneste, skuleleiing og pårørande. Les meir på nettsida livetpatimeplanen.no
  • Snakk om sjølvmord – det kan redde liv
    Helse Vest har utarbeidd ei temaside med tips og råd til kva du skal sjå etter, korleis du kan ta den vanskeleg samtala og kor du kan få hjelp. Helsepersonell og fagfolk kan også finne informasjon om korleis dei kan ta ei aktiv rolle i å førebyggje sjølvmord. Les meir på nettsida til Helse Vest.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.