Utskriving av ruspasienter i pandemien – Helse Bergen si granskning

I tidsrommet 13.-17. mars 2020 vart 17 pasientar brått utskrivne frå Avdeling for rusmedisin. Avgjerda vart kritisert og Helse Bergen bestemte at hendinga skulle granskast. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.12.2021

Statsforvaltaren opna tilsyn med Helse Bergen sin gjennomgang av saka.  

Helse Bergen har gått gjennom dei konkrete omstenda og gjer greie for læringspunkt. Etter at vi no har gått gjennom rapporten til helseføretaket, grunnlaget for denne og henta inn eigen dokumentasjon, saknar vi ei betre grunngjeving for konklusjonen om at helsehjelpa samla sett var forsvarleg.

Vi ber òg om klargjering av læringspunkta på leiarnivå.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.