Slik kan fastlegane bidra til at fleire elevar deltek i kroppsøving

Med eit skjema kan fastlegen anbefale tilrettelegging for elevar i kroppsøvingsfaget, i staden for å gi fritak. Skrivet frå legen er eit viktig verktøy for kroppsøvingslæraren for å kunne lage eit tilpassa aktivitetsopplegg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.08.2021, Sist endret 16.08.2021

Elevar som står i fare for å droppe ut av vidaregåande opplæring startar ofte med å droppe kroppsøvingstimane. Forsking på sosial ulikskap i helse syner ein tydeleg samanheng mellom oppnådd utdanningsnivå, seinare helse og forventa levealder.

Kan delta med tilrettelegging

Elevar som har ein medisinsk tilstand som gjer at dei ikkje kan ta del i kroppsøvinga på lik linje med andre, kan ofte likevel delta med tilrettelegging. Mange spør (fast)legen sin om legeerklæring på fritak frå kroppsøving for ein kortare eller lengre periode, slik at eleven kan vere vekke frå kroppsøvingstimane med gyldig dokumentasjon.

Alle nyutdanna kroppsøvingslærarar på vidaregåande skular har mastergrad innan kroppsøvingsfaget, og skal difor ha god kompetanse til å kunne tilpasse etter eleven sitt behov, dersom dei veit kva som feilar eleven. Behovet må med andre ord synleggjerast og skildrast i skrivet frå legen. Skrivet frå legen er eit viktig verktøy for kroppsøvingslæraren for å kunne lage eit tilpassa aktivitetsopplegg.

Vil førebygge fråfall frå kroppsøving     

Ei gruppe fastlegar og kroppsøvingslærarar har bidrege til å utarbeide skjemaet «Anbefaling om tilrettelegging i kroppsøving», gjennom Kroppsøvingsgruppa til Idrettscampus Bergen. Skjemaet vil bli evaluert i løpet av hausten både av lærarar og legar.

Skjemaet er tilgjengeleg i Infodoc, for dei legane som nyttar denne EPJ-en. Vestland fylkeskommune vil legge skjemaet tilgjengeleg for nedlasting på alle VGS sine nettsider, slik at elevar enkelt kan ta med seg skjemaet når dei skal til legen.

Les meir i informasjonsskrivet som du finn under «Dokument».

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.