Tilskot til hospitering mellom spesialisthelsetenesta og kommunale helse- og omsorgstenester

Målet er å utvikle og spreie gode modellar for hospitering av tilsette mellom tenestene, for å sikre god og samanhengande behandling og oppfølging.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.10.2020

Det er Helsedirektoratet som forvaltar tilskotet som kommunane kan søke på. Søknadsfrist er 15. november.

Tilskotet knytt til Leve heile livet, og arbeidet skal derfor primært rettast mot samarbeid om pasientar over 65 år, med hovudfokus på to av dei prioriterte gruppene i forbindelse med etablering av helsefellesskap:

  • Skrøpelege eldre
  • Eldre med fleire kroniske lidingar

Mål for ordninga er å utvikle og spreie gode modellar for hospitering av tilsette mellom spesialisthelsetenesta og kommunale helse- og omsorgstenester. For brukarane er målet god og samanhengande behandling og oppfølging, og hindre uønskte reinnleggingar. Målet for tenestene og helsepersonell er å sikre heilskaplege og gode forløp for pasientar og brukarar. For å oppnå dette er det viktig med gjensidig kompetanseoverføring.

Les meir om og søk på tilskotet på heimesida til Helsedirektoratet.