Pasientsikkerhetskonferansen 2021

Pasientsikkerhetskonferansen har som mål å inspirere til arbeid med pasientsikkerheit, reduksjon av pasientskadar og forbetring i helse- og omsorgstenesta. Den går føre seg 3. og 4. november og blir heildigital.

Publisert 06.10.2021, Sist endret 08.10.2021

Målgruppa for konferansen er alle som jobbar i helse- og omsorgstenesta, men spesielt klinikarar, leiarar og forbetringsagentar/rettleiarar. Det er gratis å delta på konferansen, som går føre seg frå klokka 09.00 til 12.00 3. og 4. november.

Program og påmelding finn du på heimesida til Pasientsikkerhetskonferansen.

Under konferansen skal også Forbedringsprisen delast ut. Dette er ein pris som går til enkeltpersonar, team eller leiarar som har fått til målbare forbetringar i helsetenesta. Her kan du komme med nominasjon til prisen.

Det er Helsedirektoratet og pasientsikkerhetsplattformen I trygge hender 24-7 som arrangerer konferansen.