Ny bustadsosial lov frå 1. juli

Den nye lova skjerpar plikta til å ta bustadsosiale omsyn i planlegginga, samarbeide på tvers av sektorar, og å gi individuelt tilpassa hjelp til vanskelegstilte på bustadmarknaden. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.04.2023

Den nye lova vidarefører i stor grad pliktene kommunen har i dag gjennom medvirkningsansvaret i sosialtjenesteloven § 15 og helse- og omsorgstjenesteloven § 3-7, men presiserer ansvaret på desse områda.

Førermålet med lova er å førebygge bustadsosiale utfordringar og å bidra til at vanskeligstilte på bustadmarknaden skal få bistand til å skaffe seg og behalde eigna bustad.

Fagdag i Bergen 10. mai

Statsforvaltaren i Vestland og Husbanken inviterer til fagdag i Bergen 10. mai, der vi saman går gjennom den nye lova og kva følgjer ho får for det bustadsosiale arbeidet i kommunane.

Kommunal- og distriktsdepartementet vil gi ein grundig gjennomgang av den nye lova, og vi vil få innlegg frå to kommunar om kva konsekvensar dei ser føre seg at den nye lova kan gi. Det vert høve til å stille spørsmål.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.