Statsforvaltaren har avslutta tilsyn
I vår blei eit barn på 13 år funne omkomme. Statsforvaltaren har etter dette ført tilsyn med barnevernstenesta, barnevernsinstitusjonen der barnet budde og spesialisthelsetenesta.
Publisert 21.12.2022
Vi har henta inn dokumentasjon i saka. Etter vår vurdering fekk barnet forsvarleg hjelp frå barnevernstenesta, og forsvarleg omsorg under opphaldet i privat barnevernsinstitusjon.
Barnet fekk hjelp frå spesialisthelsetenesta. Dokumentasjonen viser at tenestene samarbeidde, følgde nasjonale retningsliner og etablert praksis, og gjorde individuelle vurderingar i ein vanskeleg situasjon. Vi har vurdert at helsehjelpa barnet fekk frå spesialisthelsetenesta også var forsvarleg.
Kontaktpersoner
-
Sjur Lehmann
Tlf: 55 57 22 18