Kommunane i Vestland meiner barnevernreforma må bli tydlegare

Kommunane ønskjer snarleg avklaring om oppgåvefordeling, økonomi og finansiering. Det er nokre av innspela etter kartlegginga som Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet og Fylkesmannen har gjort i samband med barnevernreforma som trer i kraft i 2022.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.09.2020

Tilbakemeldingane indikerer at barnevernreforma er kjend for kommunane, men at det er store forskjellar på kor førebudde dei ulike kommunane er. Fylkesmannen i Vestland har utarbeidd ein rapport som summerer opp innspela frå kommunane her i Vestland, som du finn under «Dokument».

Innspela er komne inn via spørjeskjema som Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet (Bufdir) har sendt ut til alle kommunar for å undersøke korleis dei førebur seg på nye oppgåver og ansvar. Fylkesmannen har hatt digitale møter med kommunalsjefar og barnevernleiarane, for å ta imot innspel og undersøkje kva støttebehov dei har i utviklingsarbeidet fram mot 2022.

Kommunane ønskjer avklaringar

Kommunane ønskjer tydelege økonomiske rammer så snart som mogeleg, og stiller spørsmål om korleis dei økonomiske overføringane skal gå føre seg. Fleire kommunar er opptekne av oppgåvefordeling mellom Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) og kommunane og kva forventningar som ligg til opparbeiding av tiltak lokalt i kommunane.

Tidleg innsats og førebygging

Kommunane peikar på at dette ikkje berre er ei barnevernreform, men ei kommunal reform som involverer alle instansar som arbeider med barn og deira familie. I tida fram mot 2022 ønskjer kommunane bistand til å halde seg oppdatert og etablere nettverk som støttar utviklingsarbeidet i kommunane. Mange av kommunane peikar på betydninga av samarbeid internt i kommunen, på tvers av tenesteområde. Fleire er òg opptekne av behovet for å styrke samarbeidet kommunane i mellom når det gjeld dei nye oppgåvene på barnevernsområdet. 

Fosterheimar

Eit sentralt tema i barnevernreforma er overføring av ansvar og oppgåver frå Bufetat til kommunane knytt til oppfølging av fosterheimar. Mange kommunar ønskjer ei konkretisering av oppgåvefordelinga og korleis ein i praksis skal sikre kompetanseoverføringa.

Vegen vidare

Bufdir leiar ei koordineringsgruppe beståande av Bufetat, KS, Fylkesmennene og representantar frå kommunane som skal koordinere arbeidet og utarbeide forslag til aktivitetar som skal førebu kommunane til barnevernreforma.  

Innspela frå kommunane er sendt i oppsummeringsrapportar frå alle landets fylkesmenn til koordineringsgruppa, og skal vera med å danne grunnlag for deira vidare arbeid.

Du kan følge med på kva som skjer kring reformarbeidet på heimesidene til Bufdir.

Du kan og følgje med på reformarbeidet her i Vestland ved å abonnere på nyheitsbrev frå Fylkesmannen i Vestland, og på Læringsnettverk for barnevernstenestene.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.