Frivillig vern av skog - Tilråding av tre område i Telemark

Modalen: Svartsonekjuke på gammel granlåg. Foto: Terje Blindheim
Modalen: Svartsonekjuke på gammel granlåg. Foto: Terje Blindheim

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark tilrår vern av tre nye naturreservat i  kommunane Tokke og Kviteseid i medhald av naturmangfoldloven.

Publisert 20.03.2026

Statsforvaltaren har sendt tilråding til Miljødirektoratet om vern av tre områder i Telemark i medhald av naturmangfoldloven (lov om forvaltning av naturens mangfold). 

Modalen i Tokke kommune

Området ligg i sin heilskap i Tokke kommune i Telemark og strekkjer seg frå Dalen sentrum i aust og ca. 15 kilometer vestover langs elva Dalåi.   

Modalen vil være eit viktig tilskot til vernearbeidet i Tokke-Bandak området. Avstanden til verneområda langs Tokkeåi og Bandak er ikkje særleg stor, og det nye området vil inngå i eit viktig nettverk av verneområde i denne hotspot-regionen. Samla var Modalen og Smogågjuvet vurdert av kartleggerane å inneha nasjonale og internasjonale kvalitetar (****). I Vestfold og Telemark har Miljødirektoratet bedt skogeigarforeningane og Statsforvaltaren prioritere følgjande: kalk-, lågurt- og høgstaudeskog, gammal barskog, bekkekløfter, raviner og flomskogsmark . Her dekkjer verneforslaget dei tre fyrste kategoriane. Vidare dekkjer verneforslaget følgjande manglar; raudlista naturtypar og artar, skog i mellomboreal sone og skog med  ein stor andel naturskognærleik.

Modalen: Utsyn over området frå Ripelii. Modalen i lisida på høgre side i biletet . Foto: Rune Nordeide
Modalen: Utsyn over området frå Ripelii. Modalen i lisida på høgre side i biletet . Foto: Rune Nordeide

Raudbergnuten i Tokke og Kviteseid kommune

Området er brattlendt og strekkjer seg frå Apalstod i austenden av Bandak til nedre Strand, som ligg 1,5 km aust for Lårdal. 

Verneforslaget inngår som ein del av fleire verneområde i tilknyting til Bandak-vassdraget, som samla sett utgjer eit stort, samanhengande kompleksområde med svært store og varierte naturverdiar av nasjonal betydning. Vurdert åleine er dette verneforslaget vurdert til nasjonal verneverdi (***), der lokalklima, potensial for raudlista artar (både varmekjære og kalkkrevjande), treslagsvariasjon, rikdom og storleik er spesielt vektlagt. Arealet dekkjer fleire viktige nasjonale og regionale skogvernmanglar (Framstad m.fl. 2017). Området bidreg til dei generelle manglane låglandsskog, høgbonitetsskog og som stort område (sør- og boreonemoral sone). Også for fleire mangelnaturtypar/ansvarstypar, særleg for gammal furuskog og rik blandingsskog/edellauvskog, er dekninga god. Den totale mangeloppfyllinga er vurdert som høg 

Raudbergnuten: Utsyn frå Sundsbarmåsen mot Strauman. Verneomådet  mellom åsen og  Bandak. Foto: Rune Nordeide
Raudbergnuten: Utsyn frå Sundsbarmåsen mot Strauman. Verneomådet mellom åsen og Bandak. Foto: Rune Nordeide

Smogågjuvet i Tokke kommune

Området ligg i sin heilskap i Tokke kommune i Telemark og strekkjer seg frå Dalen sentrum i aust og ca. 15 kilometer vestover langs elva Dalåi.  

Smågågjuvet vil være eit viktig tilskot til vernearbeidet i Tokke-Bandak området. Avstanden til verneområda langs Tokkeåi og Bandak er ikkje særleg stor, og det nye området vil inngå i eit viktig nettverk av verneområde i denne hotspot-regionen. Samla var Modalen og Smogågjuvet vurdert av kartleggerane å inneha nasjonale og internasjonale kvalitetar (****). I Vestfold og Telemark har Miljødirektoratet bedt skogeigarforeningane og Statsforvaltaren prioritere følgjande (brev 08/2024): kalk-, lågurt- og høgstaudeskog, gammal barskog, bekkekløfter, raviner og flomskogsmark. Her dekkjer verneforslaget dei tre fyrste kategoriane. Vidare dekkjer verneforslaget følgjande manglar; raudlista naturtypar og artar, skog i mellomboreal sone, skog med naturskognærleik og eit verneforslag som opnar for utvidingar mot aust der det allereie finst eit kartlagd tilbod.   

Smogågjuvet: Utsyn frå Nystøylnuten over Smogågjuvet og Ånefjell. Foto: Terje Blidheim
Smogågjuvet: Utsyn frå Nystøylnuten over Smogågjuvet og Ånefjell. Foto: Terje Blidheim

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.