Telemarkstallerken

Hovudrett med brasiert herefordkjøt frå Vinje og Nansenpotet og grønsaker frå Tinn.
Foto: Kjetil Kalis.

Rjukan Admini Hotell er først ute i Telemark med signering av forpliktande avtale om bruk av konseptet Telemarkstallerken. Signeringa markerast under Julemarknaden på Rjukan laurdag 29. november.

Publisert 27.11.2025

Denne avtalen markerer starten på eit arbeid som skal gjere lokal mat meir synleg og tilgjengeleg, og som knyter smak, identitet, beredskap og verdiskaping tettare saman.

Telemarkstallerken skal løfte fram lokal mat og drikke, og sikre at lokale råvarer og produsentar får ein sentral plass på menyane. Konseptet stiller tydelege krav: Minst 90 % av råvarene skal vere lokale, og minst 2/3 av drikkemenyen skal bestå av lokalprodusert drikke.

Telemarkstallerken er utvikla for å løfte fram lokal mat og drikke, sikre sporbarheit og styrkje lokal verdiskaping og matsikkerheit. Diplomet Rjukan Admini Hotell får, viser at dei forpliktar seg til å bruke lokale råvarer, lokale produsentar og berekraftige val. Dette gjeld heile breidda av produsentar i Telemark, frå hobbyprodusentar og småskalabedrifter til større matindustri. Kort sagt: alt som går frå jord og vatn til bord i Telemark.

Gode erfaringar frå pilotmiddagane

I 2025 gjennomførte prosjektet pilotmiddagar i Morgedal og Tinn. Tilbakemeldingane var svært gode. Pilotane viste korleis ein sesongtilpassa meny, basert på lokale råvarer, gir betre opplevingar og skaper stoltheit hos både kokkar, produsentar og gjester. Retningslinjene stiller tydelege krav til råvarer, sporbarheit og berekraft, og dette er krav Rjukan Admini Hotell no innarbeider som ein del av drifta.

Kva dette betyr for gjestene

For gjestene betyr avtalen at dei kan forvente å finne lokale råvarer på menyen hos Rjukan Admini Hotell gjennom heile året. Det handlar ikkje berre om enkeltrettar, men om ei langsiktig retning for hotellet. Dei har allereie laga ein plan for korleis Telemarkstallerken skal bli ein naturleg del av drifta, korleis tilsette skal få eigarskap til satsinga, og korleis dei skal jobbe med råvarer på nye måtar. Telemarkstallerken passar godt inn i rammene til De Historiske Hotel og Spisestader, som Rjukan Admini Hotell er ein del av. Konseptet samsvarer med krava om kvalitet, lokal forankring og gode historier.

Lokal mat som del av beredskap og samfunnssikkerheit

Telemarkstallerken handlar ikkje berre om matopplevingar. Lokal matproduksjon gir kortare verdikjeder, betre føreseielegheit og større robustheit. Statsforvaltaren har tidlegare understreka at lokalmat er viktig i eit beredskapsperspektiv, og Telemarkstallerken er eit konkret tiltak som styrkjer denne kjeda.

Auka verdiskaping og betre ressursbruk

Prosjektet skal inspirere til berekraftig bruk av lokale råvarer, inkludert fokus på redusert matsvinn, bruk av heile dyret og gode løysingar for å utnytte råvarene best mogleg. Konseptet skaper fleire marknadsmoglegheiter for produsentar og gir serveringsstader eit tydeleg kvalitetsstempel som gjestene kjenner att.

Eit breitt samarbeid

Telemarkstallerken blir støtta av Telemark fylkeskommune, Statsforvaltaren og Telemark Utviklingsfond. Dei to førstnemnde, samt Visit Telemark, Fyresdal kommune og Hjartdal kommune sit i prosjektgruppa saman med fagansvarleg Barbro Stordalen og prosessansvarleg Høgde AS. Alle har bidrege inn i menyutvikling, kontakt med produsentar, pilotmiddagar og avtaleverk.

Telemarkstallerken Kafé – lanserast i 2026

Det blir også jobba med ein enklare kafévariant av Telemarkstallerken, med mål om lansering før sommarsesongen 2026.

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar