Fleire utvalde kulturlandskap i fylket

Kaupang. Foto: Rune Nordseter, Kulturarv i Vestfold og Telemark fylkeskommune

Vi gratulerer Kaupang i Larvik kommune som nå har blitt plukka ut blant dei særmerka kulturlandskapa i landet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.12.2021

Satsinga på dei utvalde kulturlandskapa i Noreg har vore ei satsing sidan 2009. Her er unike og representative landskap plukka ut frå nord til sør i landet, frå kyst til fjell. Nå har vi fått med fleire område!

Fem nye område er lagt til lista og takast inn i 2022 og 2023. I alt har vi da 51 Utvalde kulturlandskap i 2023 i Noreg som følgast opp med verkemiddel og samarbeid med lokale og offentlege aktørar.

Kaupang har ein historie som vikinglandsby og eldste handelsstad, omgitt av jordbruksareal og naturverdiar. Det er bygdene Kaupang, Huseby, Lunde og Gjerstad som saman dannar det nye området og er ynskja med på laget i 2023.  Dette er ein god representant for dei særmerka kulturlandskapa.

I Vestfold og Telemark har vi allereie landskapa; Færder, Jomfruland og Stråholmen og Hjartdal og Svartdal utvalde kulturlandskap. Desse er gode ambassadørar for både det kystnære og fjellnære kulturlandskapet og vel verdt eit besøk. Men gløym ikkje at dette er representantar for alle dei kulturlandskapa som er haldne i bruk gjennom landskapstilpassa jordbruksdrift, aktivitet og busetnad opp igjennom historia, og som vi finn over heile fylket og landet. Her er det perler og unike plassar som du kjenner eller kan oppdage.

God oppleving og godt arbeid vidare!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.