Ekstra midlar til drenering
I jordbruksoppgjeret er tilskotsramma til drenering auka. Vestfold og Telemark har fått 10 millionar kroner ekstra til fordeling.
Publisert 02.07.2025
Det er stor etterspurnad etter dreneringsmidlar. I fordelinga til kommunane har vi lagt vekt på innsendte søknader og deira prioritering av desse. Men ramma er ikkje stor nok til å kunne løyve alle søknadene som ligg i Agros per i dag.
Sjølv om de ikkje har midlar igjen, oppmodar vi om å formidle til gardbrukarar at dei bør leggje inn søknaden i Agros. Dette gir oss eit betre grunnlag for å melde inn behov for 2026 til Landbruksdirektoratet seinare i år.
Til høgre ligg brevet som er sendt til alle kommunar med informasjon om fordelinga av midlane.
Ekstramidlane er no tilgjengelege for dykk i Agros.