Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Søknad om løyve til slambehandling ved Nordre Foss avfallsanlegg

Legg til i egen kalender
Høringsfrist:
30. april 2021

Lindum AS søkte 19.03.2021 om revidert løyve til slambehandling ved Nordre Foss avfallsanlegg i Holmestrand kommune.

Publisert 26.03.2021

Anlegget har tidlegare vore drifta av Norsk Gjenvinning AS som har løyve frå 2009, sist endra 2015. Frå 01.03.2020 overtok Lindum AS drifta av anlegget. Lindum AS søker om same rammer som dagens løyve omfattar (12 500 tonn råslam per år).

Anlegget mottar avvatna kloakkslam frå ulike reinseanlegg. Slammet blir varmebehandla og omdanna til gjødselprodukt for landbruket.

Lindum AS opplyser i søknaden at de har gjennomført tiltak for å redusere lukt frå anlegget og at dei har stort fokus på lukt i dagleg drift.

Eventuelle merknader til søknaden kan sendast innan 30.04.2021 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no