Søknadsplikt for solcelleanlegg på tak?

Foto: Magne Djup.

Statsforvaltaren erfarer at fleire kommunar no opplever stor pågang med spørsmål og/eller byggjesøknad knytt til private solcelleanlegg på eksisterande bustader. Nye anlegg på eksisterande bygningar er i utgangspunktet søknadspliktig, men vil likevel ofte være unntatt frå søknadsplikt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.09.2022

Vi tenkjer derfor det vil vere greitt om kommunane gjer greie for sin praksis i kva grad slike anlegg krev søknad etter lova. Dette kan gjerast på kommunens heimeside og/eller gjennom retningsliner til kommuneplanens arealdel. Drammen kommune er eit døme på korleis kommunane kan rettleie; https://www.drammen.kommune.no/tjenester/byggesak/trenger-jeg-a-soke/solcelleanlegg/

Utgangspunkt

Som kjent fins slike anlegg/solenergisystem i mange former og størrelser. Vår rettleiing gjeld primært solcellepanel som monterast plant oppå eksisterande tak, noko som er mest vanleg. Slike anlegg er eit tiltak etter lovas § 1-6. Lova gjev derimot ikkje tydeleg svar på om det alltid krevst byggjesøknad etter § 20-1 bokstav f (ein byggteknisk installasjon). Etter vårt skjønn vil tiltak som nemnd kunne gå innafor § 20-5 bokstav f) eller g), og dermed fritakast for søknadsplikt.  

Når det gjeld bokstav f) om fasadeendring, må det likevel takast atterhald for solcellepanel på bygning som anten sjølv har høg arkitektonisk eigenverdi eller har kulturminneverdi, eller som ligg i område kor slike omsyn er gjeldande. Så elles nedanfor om tilhøvet til arealplan.

Når det gjeld bokstav g) om andre mindre tiltak som kommunen finn grunn til å frita for søknadsplikt, er vår oppfatning at kommunen kan frita for søknad for tiltak som nemnd. Dette sett i lys av dei tiltak som i dag er friteke etter saksbehandlingsforskifta (SAK10) § 4-1. Her som elles, gjeld at omsynet til estetikk og sjenanse i forhold til naboar og gjenbuarar vil være relevante moment i vurderinga av om det skal gjerast unntak frå søknadsplikta. Svarte solcellepanel som monterast plant oppå et svart tak, kan t.d. vanskeleg sjåast å påverke slike omsyn. Annleis kan det stille seg der material- og fargekontrasten er svært stor, og/eller for anlegg som skal monterast frittståande eller på fasade mot veg/nabo.

Direktoratet for byggkvalitet skriv i si rettleiing til § 4-1 bokstav e nr. 4: «Solenergianlegg, som solcelle- og solfangeranlegg, er å anse som bygningsteknisk installasjon og er søknadspliktig etter pbl. § 20-1 bokstav f. Installering og endring av solenergianlegg i eksisterende byggverk innenfor en bruksenhet eller branncelle, vurderes som en enkel installasjon og er unntatt fra kravet om søknadsplikt.»

Det direktoratet her beskriv er altså at slike anlegg ikkje krev søknad aleine fordi dei reknast som ein teknisk installasjon. Sagt med andre ord: Slike anlegg er ikkje søknadspliktige av omsyn til brann- og konstruksjonssikkerheit (Solcelleanlegg må sjølvsagt byggjast i tråd med dagens tekniske krav slik at dei ikkje aukar brannfaren, og eigar må sjekke taket si bereevne før montering.).

Tilhøve til arealplan - dispensasjon?

Ein lyt alltid sjekke føresegner i reguleringsplanen og kommuneplanens arealdel før ein bestiller solceller. Eit ev. fritak for søknadsplikt krev nemleg at anlegget ikkje kjem i konflikt med føresegner i kommunens arealplanar for området. Typisk vil dette kunne gjelde krav knytt til utsjånad og materialbruk på bustaden. Er det her ein konflikt, lyt ein søkje om dispensasjon etter lovas § 19-2.

I det aktuelle området kan det t.d. vere ein omsynssone omkring kulturminne. Tiltak innanfor sonen vil då regelmessig krevje ein søknadshandsaming.

I enkelte område for fritidsbustad kan det vere krav om å nytte torvtak. Då kan eit anlegg som nemnt krevje dispensasjon. I andre høve er det opna for fleire typar taktekking, men stilt krav om ikkje-reflekterande takflate. Etter vår meining vil ikkje alle solcellepanel gje nemneverdig større refleksjon enn eit skifertak. Kommunen står likevel sjølv nærast til å tolke sine arealplanar, og er ein i tvil om korleis ei føresegn skal tolkast, lyt ein sjekke med kommunen.

Oppsummering

Installering og endring av solenergianlegg på eksisterende byggverk innanfor ein brukseining eller ei branncelle er unntatt frå kravet om søknadsplikt, forutsett at anlegget ikkje

  • Går over fleire brukseiningar/ brannceller (eit skilje mot brannspreiing i ein bygning eller mot ein annan bygning)
  • Endrar fasadens karakter vesentleg (tak reknast og som fasade)
  • Er plassert nærmare nabogrense enn 4 meter, jf. § 29-4
  • Er i konflikt med planføresegner for området

For nye bygningar skal solcelleanlegg teiknast inn på fasadeteikning og inngår dermed i byggjesøknaden.