Oppsummering av forvaltningskontrollar jordbruk 2022

Spreiing av husdyrgjødsel med slangespreiar
Spreiing av husdyrgjødsel med slangespreiar Foto: Anne Berit Grasbakken.

I 2022 har vi gjennomført kontroll hos sju kommunar for å finne ut korleis dei forvaltar statlege tilskotsordningar for jordbruket.

Publisert 14.11.2022

Dei sju kommunane vi har kontrollert i år er: Hamar, Løten og Stange (Hedmarken landbrukskontor), Sel og Vågå (felles landbrukskontor), Øystre Slidre og Eidskog.

I alle kommunane med unntak av Eidskog har vi kontrollert ordningane produksjonstilskot, regionalt miljøtilskot og sjukdomsavløysing. I Eidskog har vi hatt felles forvaltningskontroll saman med skog, og har kontrollert SMIL-ordninga.

Under arbeidet med forvaltningskontrollane har vi hatt fokus på  likebehandling, rettstryggleik og at kommunane følger eigne rutinar for saksbehandling. Vi har lagt vekt på god dialog med kommunane og endring framover der det er trong for det.

Funn i år

Hovudinntrykket er at kommunane gjer godt arbeid med forvaltninga av statlege tilskot i jordbruket. Nokre feil finn vi, og typiske feil er mangelfull dokumentasjon og grunngjeving for avgjersler. Vi ser også ulik praksis mellom kommunar med omsyn på avkorting ved feil eller ved brot på anna regelverk.

For regionalt miljøtilskott er det eit komplekst regelverk og dermed krevjande å saksbehandle søknadene. Det er ein del feil knytt til denne ordninga.

Vi har ikkje funne feil som har gitt store utbetalingar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner