Nye folk i Jord og mat

Seks personar oppstilt på rekke
Frå venstre: Lisa Roverud Rusten, Ivar Sommer Os, Erik Stavseth Vedum, Marie Skavnes, Mari Jensen Aas og Katrine Kleiven Foto: Anne Berit Grasbakken.

Sidan hausten 2023 og fram til våren 2024 har eining for Jord og mat fått seks nye tilsette. Blant desse seks har vi også fått ny avdelingsleiar.

Publisert 18.04.2024

Erik Stavseth Vedum starta i jobb hos oss hausten 2023. Erik arbeider blant anna med tilskot ved produksjonssvikt og med kompensasjon til riving og opprydding av pelsdyrhus.

Katrine Kleiven starta rett før jul 2023 og arbeider blant anna med produksjonssvikt.

Mari Jensen Aas begynte etter nyttår 2024. Mari arbeider med klimatiltak og klimatilpassing i jordbruket, økologisk landbruk og urbant landbruk.

Ivar Sommer Os begynte vinteren 2024 og arbeider med beitebruk og rovvilt.

Marie Skavnes begynte våren 2024 som ny avdelingsleiar for Jord og mat.

Lisa Roverud Rusten begynte våren 2024 og arbeider med beitebruk og rovvilt.

Med nye folk har vi fått styrka laget og rusta oss for framleis å vere eit kompetansesenter for kommunane.