Nordherad UKL

Nordherad i Vågå har vori eit utvald kulturlandskap i jordbruket sidan 2009. Området har naturverdiar av nasjonal og internasjonal interesse, knytt til det tørre og kalkrike jordsmonnet og sterk påverknad frå beitedyr. Grenda har den tettaste samlinga av freda landbruksbygningar i landet, i tillegg til ei lang rekke andre verneverdige landbruksbygningar på gardar, setrer og rydningsplassar med hus frå 1700- og 1800-tallet.
Ti år med utvald kulturlandskap i Nordherad blir feira 14.-15. september
Det har vore ti år med stor tiltakslyst sidan Nordherad i Vågå vart eitt av dei då 20 nasjonalt utvalde kulturlandskapa i Noreg. Jubileumet blir feira med eit ope arrangement helga 14.-15.9 med utgangspunkt i det restaurerte rydningsbruket Flåten.
Publisert 02.05.2019
Søknadsfrist for tilskott til tiltak i Nordherad i 2019
I 2019 er det sett av 860 000 kroner til tilskott til investeringstiltak frå årsbudsjettet for «Nordherad utvald kulturlandskap». Du kan søke om tilskott innan 1. juni 2019.
Kontaktpersoner
-
Stig Horsberg
Tlf: 61 26 61 50
Dokumenter
- Nordherad - kort oppsummert
- Handlingsplan Nordherad 2019
- Forvaltningsplan Nordherad 2017
- Nordherad rapport naturverdier
- Kulturminnerapport 2004 Nordherad
- Raastad Kulturminner i Nordherad 2005
- Gjenfotografering av gamle bilder (Oscar Puschmann)
- Heilskapleg formidling av kulturarven i Nordherad. Forprosjektrapport
- Heilskapleg formidling av kulturarven i Nordherad. Vurdering av skilting og tilrettelegging. Delrapport
- Bergverksminner i Nordherad. Delrapport
- Heilskapleg formidling av kulturarven i Nordherad. Bibliografi