Gode råd for bygging av lønsame lausdriftsfjøs

For alle som skal bygge om til lausdrift for mjølkekyr, er det viktig å velje løysingar som gir lønsemd i produksjonen. Nå finst det gode råd å få.
Prosjekt Innlandsfjøset 2021-2024 har jobba fram gode råd om korleis bygge lønsame fjøs for inntil 30 mjølkekyr. I sluttrapporten som vart publisert våren 2025, kan ein finne mange gode råd om økonomisk fjøsbygging.
Bakgrunnen er at det frå 2034 blir krav om at mjølkekyr skal gå laust i fjøset. Om lag halvparten av alle mjølkeprodusentane i Innlandet har framleis båsfjøs. Det betyr at dei må bygge om eller bygge nytt for å halde fram med mjølkeproduksjon frå 2034. Ved bygging av lausdriftsfjøs er det viktig å ikkje bygge for dyrt slik at ein kan handtere gjelda i ettertid. Det betyr at mjølkeprodusentane må finne gode løysingar som gjer produksjonen lønsam etter bygging.
I Innlandet har mange produsentar godt under 30 kyr. Det blir ein større kostnad pr. mjølkeku når ein bygger for færre kyr samanlikna med bygg for mange kyr. Difor er det viktig å finne løysingar som kostar mindre, og kanskje samstundes dele opp byggeprosessen i fleire trinn for å kunne greie det økonomisk.
Dei som står bak prosjekt Innlandsfjøset er Høgskolen i Innlandet (nå Universitetet i Innlandet), Norsk Landbruksrådgivning, Tine, Innovasjon Norge og Innlandet fylkeskommune.
Statsforvaltaren i Innlandet har vore samarbeidspart i prosjektet. Vi har bidratt med landbruksfagleg spisskompetanse i form av bl.a. tal og kunnskap om landbruket i Innlandet, og vi har jobba med å mobilisere kommunane til å delta i arbeidet.
Vi ønsker alle som skal bygge lausdriftsfjøs lykke til!
Kontaktpersoner
-
Marie Skavnes
Tlf: 61 26 61 60 -
Sissel Tørud
Tlf: 61 26 61 53 -
Svein Åge Jakobsen
Tlf: 61 26 61 49