Rådgjevingstilbod og tilskotsordningar for verneverdige bygningar

Korleis kan eigarar og forvaltninga lukkast med restaurering av verneverdige bygningar?

Publisert 16.10.2025

Saman om kulturarven: Gamle bygningar er berarar av historie, identitet og handverkstradisjonar. Men dei treng både eigarar som bryr seg – og eit forvaltningsapparat som støttar opp. I Agder er det solide fagmiljø og gode tilskotsordningar som gjer det mogeleg å ta vare på det gamle – med bruk.

For deg som eig ein verneverdig bygning

Å eige ein eldre bygning kan vera både ei glede og ei utfordring. Mange står overfor spørsmål som: Kor byrjar eg? Kva er lov? Kva kostar det? Og kven kan hjelpe?

I Agder har me tre bygningsvernsenter – i Flekkefjord, Rysstad (Setesdal) og Risør – som tilbyr

  • gratis rådgiving om tilstandsvurdering, materialval og restaureringsmetodar
  • kurs og opplæring i tradisjonshandverk
  • synfaring og vurdering av verneverdi
  • rettleiing i søknadsprosessar for tilskot

– Mange bygningar er i betre stand enn ein trur. Det handlar om å bruke det gamle, ikkje berre bevare det, seier sivilingeniør Eivind Dalseg ved Setesdal bygningsvernsenter.

For deg som jobbar med forvaltning

Kommunar og fylkeskommunar speler ein nøkkelrolle i å forvalte tilskotsmidlar og å rettleie eigarar. Men, mange kommunar har ikkje eigen fagkompetanse på bygningsvern. Derfor er bygningsvernsentera ein viktig ressurs for de som jobbar med forvaltning.

Bygningsvernsentra kan

  • hjelpe til i vurdering av søknader
  • gi faglege råd til saksbehandlarar
  • arrangere fagdagar og kurs for kommunalt tilsette
  • vera eit bindeledd mellom forvaltning og eigarar

8. oktober 2025 arrangerte Statsforvaltaren i Agder digitalt informasjonsmøte for kommunale saksbehandlarar innan jordbruk. Sjå presentasjonen til Eivind Dalseg ved Setesdal bygningsvernsenter, Agder fylkeskommune.

Tilskotsordningar – eit felles verktøy

Det er fleire ordningar som både eigarar og forvaltning bør kjenne til:

Ordning

Beløp

Kven kan søke

Kommentar

Agder fylkeskommune

20 000–
50 000 kr  

Private eigarar

Søknadsfrist

Kulturminnefondet

Ca. 30 % av kostnadane

Private, lag og organisasjonar

Løpande søknadsbehandling

Stiftelsen UNI

25 000– 
40 000 kr

Private og frivillige

Fokus på skadeførebygging

SMIL-midlar

Varierer, kontakt kommunen

Gardeigarar

Verneverdige bygningar i jordbruket

Riksantikvarens verdiskapingsmidlar

Inntil 50 %

Samarbeidsprosjekt

Ikkje til reine restaureringstiltak

NB: Påbegynte eller ferdige prosjekt får normalt ikkje støtte. Det er viktig å søke i forkant.

Felles mål: Bevaring gjennom bruk

Målet er ikkje å gjera bygningen til eit museum, men å ta vare på det gamle gjennom bruk. Ein restaurert bygning kan bli brukt som bustad, til næring, lager, møteplass eller noko anna – og på same tid tek ein vare på kulturarven. Dette krev samarbeid mellom eigarar, fagmiljø og forvaltning.