Øvingsrettleiar frå DSB

Direktoratet for Samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har laga ny øvingsrettleiar med temahefter.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.02.2017

DSB har laga ein ny øvingsrettleiar for planlegging, gjennomføring og evaluering av ulike typar øvingar. Kompendiet består av ei grunnbok med introduksjon og prinsipp. I tillegg er det utvikla metodehefter for fire ulike øvingstypar:

• Funksjonsøving
• Diskusjonsøving
• Spilløving
• Fullskalaøving

Saman med handboka frå øvingsutvalet i tidligare Rogaland politidistrikt gjev denne rettleiaren eit godt grunnlag for ei heilsapeleg tilnærming til øvingar.

Øvingsrettleiaren til DSB finn du her og lenke til handbok i øvingsplanlegging frå øvingsutvalet finn du her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.