Høg vasstand: Kriseleiinga kalla inn i Eigersund

Meteorologisk institutt har nedslalert varselet sitt frå auka overvaking til OBS-varsel etter mykje regn sida i går. Men i Eigersund er kriseleiinga kalla inn på grunn av høg vassføring i Hellelandsvassdraget gjennom Gyadalen. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.11.2017

Det blir nå sett i verk tiltak i Egersund for å hindra at flaum og overvatn skal gjera skade.

Varsla av Dalane Energi

Energiselskapet Dalane Energi tok kontakt med kommunen i dag tidleg på grunn av høg vassføring. Kriseleiinga har hatt eit statusmøte i morgontimane og dei har sett i verk nokre tiltak.

Det er så langt ein bustad på Helleland som har fått vatn i kjellaren.

- Grunn til ei viss bekymring

- Eigersund har erfaringsmessig god kontroll på slike situasjonar, men det er jo grunn til ei viss bekymring når me ser at vatnet stig så fort som målepunktet på Helleland viser, seier Reidar Johnsen, fylkesberedskapssjef hos Fylkesmannen i Rogaland.

Klokka 08.00 blei det målt 218 kubikkmeter vatn per sekund ved målepunktet på Helleland. Til samanlikning blei det, på det meste, målt maksimalt 310 kubikkmeter per sekund under ekstremværet Synne i 2015. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.