Flaum- og jordskredfare i Rogaland

Fleire stader er det venta 60-80 millimeter nedbør. Lokalt kan det komma opp i heile 120 millimeter. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.08.2016

Det kraftige regnvêret startar natt til måndag.

Varsel på gult nivå

NVE har derfor sendt ut varsel om flaumfare på gult varsemdsnivå for desse kommunane: Lund, Bjerkreim, Time, Gjesdal, Sandnes, Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Vindafjord og Tysvær.

Mykje vatn frå før

På grunn av alt regnet som har kome tidlegare, er grunnvasstanden og vassmetninga høg i bakken. For Ryfylke-kommunane og Gjesdal er det derfor også sendt ut jordskredvarsel på gult nivå.

Det blir ikkje sendt ut ny melding dersom ikke situasjonen forverrar seg vesentleg. Kommunane må derfor følgja utviklinga på varsom.no.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner