Ny rettleiar til Heilskapleg ROS-analyse

veileder

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har revidert rettleiar for heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse for kommunen. Erfaringar frå arbeid med samfunnstryggleik er innarbeidd, og samfunnsutviklinga generelt er lagt til grunn.

Publisert 20.10.2022

Rettleiaren viser kva heilskapleg ROS (HROS) er, både når det gjeld prosess og innhald. Rettleiaren omtalar også korleis kommunen skal følge opp heilskapleg ROS i sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Særleg utviklinga innan teknologi, klimaendringar og tryggingspolitikk er innarbeidd i revisjonen.

Megatrender krev oppdatering av HROS

"Endringer i utfordringsbildet (megatrender) vil gi endringer i kommunens risiko- og sårbarhetsbilde. Slike forandringer vil gi behov for å oppdatere helhetlig ROS.
Klimaendringer er et utviklingstrekk som krever en aktiv tilpasning til samfunnssikkerheten. Kommunene må allerede nå forebygge og forberede seg på endringer i klima og ekstremsværhendelser som vil inntreffe kanskje flere tiår fram i tid"

DSB anbefaler at klimaendringar og tryggingspolitikk blir varetatt i heilskapleg ROS i større grad. Den bør omtale auka risiko for ekstremvêr, og dei meir gradvise konsekvensane av klimaendringer. I Rogaland vil det vere naturleg å sjå på hendingar med storm/orkan, styrtregn, flaum/skred, stormflo og tørke/skog-/lyngbrann.

Hendingar innan tryggingspolitikk er ofte samansette og relaterte til svikt i forsyninger og andre logistiske utfordringer. Hybride hendinger og cyberangrep er og ein del av dette risikobiletet, i tillegg til befolkningsforflytning/migrasjon.

Kapittel 3 omtalar korleis HROS bør ligge til grunn for kommunen si arealplanlegging og beredskapsplanlegging.

Nytt analyseskjema

DSB har laga eit nytt analyseskjema for å lettare vurdere risiko og sårbarheit for dei ulike hendingane som skal analyserast i HROS. DSB anbefaler at dette skjema blir brukt i arbeidet med HROS. Det er strukturert etter sårbarheit, sannsynlegheit, konsekvens og usikkerheit. 

I vedlegga til rettleiaren er det gode oversikter og eksempel på uønska hendinger som kan brukast i HROS-arbeidet.

Ved å legge metoderettleiaren til grunn for arbeidet, og følge denne, vil krava til heilskapleg ROS bli oppfylt. Rettleiaren bør brukast av alle kommunar, uansett størrelse, geografi og organisering.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.