Kommunetrappa for samfunnstryggleik og beredskap 2021

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sender kvart år ut ei kommuneundersøking for å kartlegga kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Statsforvaltaren har vurdert denne eigenrapporteringa opp mot eigne tilsyn og rangert kommunane i «kommunetrappa».

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.02.2022

Kommunetrappa i Rogaland blei første gong publisert i 2019 og er ei oppsummering av det systematiske samfunnstryggleiksarbeidet i kommunane.

Statsforvaltaren har fått positive tilbakemeldingar på kommunetrappa, og me ser at den aukar motivasjonen for å gjera det betre, og komma høgare opp på trappa. Resultata er relativt stabile for kommunane i Rogaland frå 2020 til 2021, med ei nedgang på 0,33 poeng. Det er ingen kommunar som hamnar i raud sone i 2021, men det er framleis rom for betring.

 

Status for Rogaland

Kommuneundersøkinga har i fleire år vist ei positiv utvikling i talet på kommunar som oppfyller krava i kommunal beredskapsplikt. Denne trenden samsvarer med funn frå tilsyna våre med kommunane, sjølv om dei fleste tilsyna framleis ender opp i avvik. Rogaland er blant fylka som kjem best ut når det gjeld kommunal etterleving av forskrift om kommunal beredskapsplikt.

I rapporten frå kommuneundersøkinga 2021 til DSB, viser fylkesbarometeret for 2021 at kommunane i Rogaland er gode til å oppfylle krava til  heilskapleg kommunal risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). Vi er også blant dei som scora høgast når det gjeld plan for oppfølging av ROS-analysen.

 

12 av 23 kommunar har ikkje oppdatert beredskapsplan

Utbrotet av covid-19 i 2020 har vist at kommunane må vera budde på å handtera uønskte hendingar. Med utgangspunkt i den heilskaplege ROS-analysen, skal kommunen laga ein overordna beredskapsplan. Denne skal mellom anna samordna og integrera andre beredskapsplanar i kommunen, som til dømes helseberedskapsplan og smittevernplan.

Fylkesbarometeret viser at kommunane i Rogaland ikkje har blitt betre på å oppfylla krava til overordna beredskapsplan siden ifjor. Men på grunn av at andre fylke har blitt dårligare kjem me betre ut på statistikken. Ein  gjennomgang av svara frå kommunane viser at det er oppdaterte planar som er den største utfordringa. I forskrift om kommunal beredskapsplikt står det at beredskapsplanen til kommunen til ein kvar tid skal vera oppdatert, og skal reviderast årleg. 12 av 23 (52 prosent) kommunar svarer at beredskapsplanen ikkje har blitt oppdatert og revidert siste året.

 

Utvikling frå 2020 til 2021

Kommunane har hatt stor framgang dei siste åra samanlikna med gjennomsnittsresultata dei siste seks årene. Utviklinga frå 2020 til 2021 er  stabil på et høgt nivå men det er framleis rom for å gjere det betre.

Resultata frå 2021 er 34,45 poeng medan det var 34,78 poeng i 2020. Det er ingen kommunar som ligg i raud sone. Det er 9 kommunar i oransje eller gul sone og 13 i grøn sone.

Kommentar frå fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen

"Kommunetrappa er eit viktig grunnlag for oss for å vurdere korleis kommunane ligg an for oppfylla krava i forskrift om kommunale beredskap, og kva dei eventuelt treng bistand til. Kommunane kan sjå korleis dei ligg an samanlikna med dei andre kommunane og få inspirasjon til å klatre i trappa. Det er likevel viktig å hugse på at resultata i all hovudsak er kommunen si eigenmelding. Der kommunane har fått avvik i tilsyna til Statsforvaltaren på områder der dei har rapportert at alt er på stell, er kommunetrappa justert.  

Talet på tilsyn i både 2020 og 2021 var berre halvparten av talet på tilsyn i åra før. Tilsyna har derfor hatt mindre innverknad på kommunetrappa enn tidlegare år.  

Statsforvaltaren har forståing for at pandemihandteringa dei siste to åra har tatt mesteparten av merksemda til kommunane. Og at arbeid med revisjon av heilskaplege ROS-analysar og utvikling av beredskapsplanar har vore krevjande. Når situasjonen no forhåpentlegvis går mot normale tider, er det viktig å ta tak det som ikkje er på plass. Statsforvaltaren har sendt brev til kvar kommune med forbetringspunkt".

 

Kommuneundersøkinga 2021 – nykeltal for Rogaland

  • Alle kommunane i Rogaland (23 av 23) har svart på undersøkinga i 2021, noko som gir eit godt grunnlag for å samanlikna resultatet og vurdera utviklinga vidare.
  • Totalt er det mogleg for ein kommune å oppnå 40 poeng. For å koma i mørkegrøn sone (svært høgt nivå) må ein ha mellom 39 og 40 poeng. Stavanger, Karmøy og Haugesund har oppnådd mørkegrøn sone i 2021.
  • Ingen kommunar kjem i raud eller mørkeraud sone (lågt og svært lågt nivå) i 2021. I 2020 låg heller ingen kommunar i raud eller mørkeraud sone.
  • Gjennomsnittsresultata har gått noko ned frå 34,78 poeng i 2020 til 34,45 poeng i 2021.
  • Den største utfordringa er å halda planane oppdaterte. 52 prosent av kommunane svarer at beredskapsplanen ikkje har blitt oppdatert og revidert siste året. Det er ein oppgang på 9 prosent samanlikna med 2020. Dette bør det vere enkelt å gjere noko med.
  • Tala frå 2021 viser at fire kommunar får betre resultat, medan åtte får dårlegare resultat enn i 2020. 11 kommunar ligg på same nivået.

Tonje F. Aase

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.