Kommunetrappa 2025

Bilde: Oversikt over kommunenes plassering i Kommunetrappa 2025

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sender kvart år ut ei kommuneundersøking for å kartlegga korleis kommunane arbeider med samfunnstryggleik og beredskap. Statsforvaltaren vurderer denne eigenrapporteringa opp mot eigne tilsyn og rangerer kommunane i «kommunetrappa».

 

Publisert 19.12.2025

Nye vurderingskriterium i 2025

Kommunetrappa 2025 skil seg frå tidlegare år. Vi har gjort viktige endringar i vurderingsgrunnlaget for å gje eit meir heilskapleg og oppdatert bilete av kommunane sitt arbeid. For første gong er spørsmål om kompetanse, naudvatn, beredskapsråd, beredskapskoordinator og fysiske informasjonspunkt inkludert i vurderingsgrunnlaget for kommunetrappa. Endringane reflekterer føringane i Totalberedskapsmeldinga og den endra tryggleikspolitiske situasjonen vi no står i.

Innføringa av nye spørsmål har ført til justeringar i poengfordelinga. Nokre tidlegare spørsmål er vektlagde mindre, for å gi rom til dei nye områda. Den totale poengsummen er framleis 40, men kommunane må levere betre på fleire felt for å oppnå same nivå som før. Endringane har òg ført til at enkelte kommunar har hamna på eit anna nivå enn tidlegare.

Status for Rogaland

Alle kommunane i Rogaland har svart på årets kommuneundersøking. Undersøkinga har i fleire år vist ei positivt utvikling i talet på kommunar som oppfyller krava i forskrift om kommunal beredskapsplikt.

Når det gjeld heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS), ligg Rogaland over landsgjennomsnittet: Berre ni prosent av kommunane har ein analyse som er eldre enn fire år, mot 22 prosent nasjonalt. Dette tyder på at dei fleste kommunane har oppdatert analysen sin i tråd med forskrifta.

Eit område der kommunane har gjort stor framgang, er fysiske informasjonspunkt. I år svarar 90 prosent av kommunane at de har eitt eller fleire definerte punkt der innbyggjarane kan møte opp for å få informasjon ved kriser. Dette er ein kraftig auke frå i fjor, då berre 56,6 prosent hadde dette på plass. Vidare har 87 prosent av kommunane i Rogaland ein plan for distribusjon av naudvatn, mot 79 prosent nasjonalt.

Heile 96 prosent av kommunane i Rogaland gjennomførte aktivitetar under Egenberedskapsuka 2024.

I år er det ingen kommunar som ligg i mørkegrøn sone. Sju kommunar ligg i lysegrøn sone, fire i oransje sone og éin kommune i raud sone. Til samanlikning var det i 2024 tre kommunar i mørkegrøn sone og éin i mørkeraud sone.

Kommentar frå fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen:

Resultata frå årets undersøking ligg på et lågare nivå enn det vi er vant med dei siste åra. Dette skyldast at vi utvida med fleire spørsmål og gjort litt om på kor mange poeng det einskilde svar på oppnå. For 19 av 23 kommunar brukar me berre svara frå kommunane som grunnlag. Der vi har vore på tilsyn og kommunane har fått avvik som ikkje stemmer med kommunane sine svar har vi justert poengsummen.

Vi håper at undersøkinga vil vere en inspirasjon til å løfte nivået og utvikle beredskapsarbeidet videre. Eg trur at neste kommuneundersøking frå DSB som er i januar 2026 vil vise stor framgang. Mitt inntrykk at det er gjort mykje godt arbeid i kommunane det siste året.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kort om Kommunetrappa 2025

Kommunetrappa i Rogaland blei første gong publisert i 2019 og gir ei samla oversikt over det systematiske arbeidet med samfunnstryggleik i kommunane. Ordninga har fått gode tilbakemeldingar og har vist seg å vere motiverande – mange kommunar ønskjer å klatre høgare på trappa.

Fram til 2024 har kommunane hatt ei stor framgang i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskaps, med rekordhøg poengsum i fjor. I år ser vi en endring. Gjennomsnittet i 2025 er 31,49 poeng – ein nedgang på 3,86 poeng frå 2024. Dette er den lågaste poengsummen sidan oppstarten i 2019. Dette betyr ikkje nødvendigvis svekka beredskap, men at krava til kommunane har blitt skjerpa.