Alvorlege hendingar i barnehage og skole

Utdanningsdirektoratet har saman med Politiet laga ein rettleiar for å førebyggje og handtere alvorlege hendingar i barnehage og utdanningsinstitusjonar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.10.2013

Føremålet med rettleiinga er å auke kunnskap og bevisstheit om gode, robuste og oppdaterte beredskapsplanar.

Rettleiinga er eit hjelpemiddel for kommunar, barnehagar, skolar, fagskolar og høgre utdanningsinstitusjonar som treng å forbedre sine beredskapsplanar og sørgje for at planane omfattar alvorlege hendingar. Rettleiinga skal også styrkje forståinga for roller og ansvar i det førebyggjande arbeidet for å hindre alvorlege hendingar.

I rettleiinga blir ei alvorleg hending definert som ei hending der våpen eller annan form for vald blir nytta eller trua med.

Alvorlege hendingar vil vere ulike for barnehagar og utdanningsinstitusjonar, og institusjonane må difor sjølve kartleggje eigne risikosituasjonar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.