Nytt informasjonshefte om busetnad nær høgspenningsanlegg

Statens strålevern har publisert eit  informasjonshefte med oppdatert informasjon om magnetiske felt frå høgspenningsanlegg. Informasjonsheftet omtaler blant anna moglege helseverknader, gjeldande regelverk og forvaltningspraksis.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.11.2017

Heftet er meint å informere kommunar, utbyggjarar, nettselskap og befolkninga. Sjølv om det er kome eit nytt informasjonshefte er det inga endring i forvaltningspraksisen som blei etablert av Stortinget i 2006, om at nye bygg nær kraftleidningar og nye kraftleidningar nær bygg skal utgreiast.  Nettselskapa har eit ansvar for å svare på spørsmål om magnetfeltnivå nær anlegga deira.

Les brosjyren her: https://www.nve.no/Media/5420/bebyggelse-nær-høyspenningsanlegg-2017.pdf

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.