Fylkesmannen sine oppgåver innan kommunal arealplanlegging

Fylkesmannen sine oppgåver i arealplanlegginga i kommunane, har vore eit tema som har skapt debatt i Rogaland denne hausten. Diskusjonar rundt oppgåvene våre, og måten me løyser dei på, er velkomne. Dei bidrar til refleksjon hos oss og oppdragsgivarane våre. Samtidig ser me at ikkje alle er klare over kva me faktisk er pålagde å ta omsyn til.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.11.2020

Fylkesmannen er staten og regjeringa sin representant i fylka. Me utfører dei oppgåvene me til ei kvar tid er pålagde gjennom lover, forskrifter, statlege retningsliner – og andre oppdrag frå departement og direktorat.

Roller i regional og lokal planlegging

Plan- og bygningslova gir kommunestyret plikt og rett til å bestemme kva areala i kommunen skal nyttast til. Nokre unntak finst, som for eksempel i energisaker med vind- og vasskraft. Kommunane skal ivareta viktige regionale og nasjonale omsyn i dette arbeidet. Kommunane har plikt til å informere og involvere alle som blir påverka av planane dei lagar, så som grunneigarar, regionale myndigheiter og dei innbyggarane planen gjeld.

Fylkesmannen får derfor varsel om oppstart av alle slike planar og kan på den måten gi tidleg innspel om viktige regionale og nasjonale interesser som me er gitt sektoransvar for. Når kommunen har eit ferdig planforslag, skal dette til offentleg ettersyn (høyring), der alle aktuelle partar kan komme med innspel, inkludert Fylkesmannen.

Fylkesmannen i Rogaland blir alltid involvert i både det fylkeskommunale og kommunale planarbeidet. Utover dei faste punkta i plan- og bygningslova om varsel og offentleg ettersyn, er det opp til kommunane kor mykje dei ønskjer å involvere andre myndigheitsorgan. Fylkesmannen og andre regionale myndigheiter blir ofte bedne om råd undervegs i planarbeidet, og me bidrar med fagleg og juridisk rettleiing innafor våre sektoroppgåver.

Motsegn

Fylkesmannen har, i likskap med nabokommunar, fylkeskommunen og andre statsetatar, rett til å fremje motsegn til kommunale arealplanar som er i strid med nasjonale og viktige regionale interesser innan våre sektoroppgåver. Ei slik motsegn gjer at kommunen ikkje kan gjere endeleg vedtak om å godkjenne planen.

Her er nokre viktige regionale og nasjonale interesser, som kan vere grunnlag for motsegn frå Fylkesmannen:

  1. Sjå til at kommunane har følgt sakshandsamingskrava i planprosessen, særleg med tanke på informasjon og medverknad frå innbyggjarane og andre partar saka gjeld.
  2. Sjå til at planarbeidet er tilstrekkeleg utgreidd gjennom planskildring, risiko- og sårbarheitsanalyse og konsekvensutgreiing for nye bruksendringar av areal og større tiltak.
  3. Ivareta samfunnstryggleik, inkludert å unngå alvorlege konsekvensar av geofare (flaum, ras osb.).
  4. Jordvern og naturvern, inkludert strandsonevern.
  5. Bidra til klimaomstilling i by- og tettstadsutvikling.
  6. Ta omsyn til barn og unge sine interesser.
  7. Bidra til lojalitet og oppfølging av overordna kommunale planar, regionalplanar, statlege planar og føringar i form av rikspolitiske/statlege retningsliner.
  8. Bidra til at planutforming er i tråd med lover og forskrifter.

Fylkesmannen har altså rett og plikt til å delta i samfunnsplanlegginga når den rører ved våre sektoroppgåver, som samfunnstryggleik, produksjonsareal i landbruket og viktig biologisk mangfald.

Føremålet med «motsegnsinstituttet» er å sikre at det blir laga best mogleg planar i kommunane. Dersom me fremjar motsegn, går me alltid i dialog med kommunen for å prøve å finne løysing. Dei aller fleste motsegnene løyser me gjennom dialog, og dette bidrar til å heve kvaliteten på lokale planar.

Dersom me ikkje når fram til ein løysing gjennom drøfting, blir det gjennomført formell mekling hos fylkesmannen, mellom sektormyndigheita som har gitt motsegna og kommunen. Dersom meklinga ikkje fører fram, må saka avgjerast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei siste tre åra har me så langt send sju motsegner til departementet for endeleg avgjerd. Det er eit svært lågt tal, ettersom det er omfattande planleggings- og byggeaktivitet i Rogaland.

Klage på arealplanvedtak

Når planprosessane har følgt lovkrava og eventuelle motsegn er løyste, kan ikkje Fylkesmannen eller andre myndigheitsorgan med rett til å fremje motsegn, klage på kommunen sitt endelege planvedtak. Grunneigarar og andre partar saka påverkar, kan klage på detaljplanar (områdeplan, reguleringsplan), men ikkje på kommunestyret sitt vedtak i kommuneplanens arealdel. Ved klagehandsaminga skal kommunen vurdere om dei skal gi klagaren medhald og gjere endringar i planen. Om kommunen ikkje tar klagen til følgje, blir klagen på reguleringsplanen endeleg avgjort av Fylkesmannen. Dersom me undervegs i planarbeidet har vore sterkt involverte i spørsmålet det blir klaga på, blir klagen behandla av ein annan Fylkesmann (settefylkesmann).

Dispensasjon frå arealplan

I dei tilfella der kommunane ønskjer å gi dispensasjon frå eigne vedtekne planar, skal saka sendast på høyring til partar som saka gjeld, inkludert Fylkesmannen og andre offentlege myndigheiter med sektorinteresser i planen. I desse sakene kan me tilrå eller rå frå dispensasjon. Vel kommunen å gi dispensasjon, trass i fråråding, er me pålagde å vurdere om me skal klage på dispensasjonsvedtaket. Me klagar på om lag 10 prosent av dispensasjonssakene i Rogaland. Dei sakene Fylkesmannen påklagar, blir sende til Kommunal- og modernisteringsdepartementet som oppnemner ein annan Fylkesmann (settefylkesmann) til å behandle klagen. Settefylkesmann tar endeleg stilling til klagen.

Klageinstans

Fylkesmannen som klageinstans skal sikre rettstrygg behandling og rettstrygge kommunale vedtak. Fylkesmannen har full overprøvingsrett på kommunale dispensasjonsvedtak. Me kan altså prøve alle sider ved saka.

Når kommunane fattar dispensasjonsvedtak etter plan- og bygningslova, er dei bundne av strenge krav i sjølve lova. Plan- og bygningslova set klare rammer for kva vurderingar eit dispensasjonsvedtak skal byggje på. Det føreligg ikkje «fritt skjønn» som i mange andre sakstypar. Når Fylkesmannen behandlar klager på slike vedtak, skal me mellom anna ta stilling til om kommunen si skjønnsutøving ligg innafor desse lovfesta grensene. I dei tilfella me endrar eller opphevar kommunale dispensasjonsvedtak, er det ofte fordi kommunen har trødd over desse grensene.

Meir informasjon

Kommunalministeren har i ein fersk uttale framheva Fylkesmannen si rolle knytt til rettstryggleik i planprosessar og vedtekne arealplanar. Sjå under. 

Plan og bygningslova (lovdata.no)

Nasjonal forventningar til regional og kommunal planlegging (regjeringa.no)

Statlege/rikspolitiske planretningslinjer (regjeringa.no)

Kommunalministeren om Fylkesmannens ansvar i samfunnsplanlegging (stortinget.no)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.