Innspel til oppstartsvarsel for planprogram Orstad-Kalberg-Frøyland-Kvernaland i Time

Kart over Orstad-Nord - Kalberg - Frøyland - Kalberg-området
Kart tilhøyrande oppstartsvarselet, Time kommune

Statsforvaltaren har gitt uttale til varsel om oppstart av planprogram for områda Orstad-Nord – Kalberg-Frøyland-Kvernaland som Time kommune har send på høyring. Vår tilbakemelding er at kommunen som reguleringsmynde har høve til å velja ein slik planprosess det vert lagt opp til. Vårt råd er likevel at kommunen følgjer kravet i kommuneplanen sine føresegner og utarbeider ein områdeplan for området.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.12.2021

Det var ein føresetnad i den endelege prosessen kring kommuneplan fase 2 at det skal lagast ein områdeplan. At planområdet er komplisert og krevjande, og at utbygginga skal gå føre over lang tid, talar ytterlegare for at området må sjåast på i ein heilskap. Me er opptekne av at kommunen lager ein plan for området som gjer dei naudsynte interesseavvegingane på overordna nivå, som igjen vil gje betre føresetnader for gjennomføring. 

Møte med Time kommune

Statsforvaltaren i Rogaland hadde eit møte med Time kommune den 17.12.21 der føremålet var å presentera hovudinnhaldet i uttalen vår og få avklara om det låg føre eventuelle misoppfatningar eller liknande. Det var eit godt møte og kommunen gav uttrykk for at dei såg det som positivt med slik dialog.

Planprogram for område med krav om felles planlegging

Time kommune har send på høyring oppstartsvarsel for planprogram med handlingsdel for dei områda på Orstad-Kalberg-Frøyland-Kvernalandsområdet der det er sett krav om felles planlegging.

Det går fram at hovudføremålet med planprogrammet er utarbeiding av prinsipp-planar og handlingsplan for å følgje opp krav i kommuneplanen om felles planlegging for området. Arbeidet skal gje rammer for utbygging, vidare detaljregulering og konsekvensutgreiing for omkøyringsvegen, samt områda KN6 (i Klepp), NK1-NK4, RK1-RK5, GK1-GK3, BK1, BK5 og BK6. Det skal også utarbeidast ein handlingsplan med finansiering og ansvar for dei naudsynte tiltaka knyta til utbygginga, og kommunen har skissert at dei vil nytte tinglysing av denne som eit verkemiddel for å sikre dette.

Heile uttalen vår kan du lesa her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.