Verdsdagen for bier

Vårsandbie treng sand for å bygge reir. Sola kommune. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland / Bjørn Mo

I morgon, 20. mai, er det verdsdag for bier. I Noreg er det registrert 211 arter, og i verden kring 20.000. På verdsdagen for bier skal det settast ekstra fokus på biene, og kva rolle dei har for økosystema på jorda og oss menneske. Humler reknast også blant biene.

Publisert 19.05.2023

Viktige pollinatorar

Bier lever av pollen og nektar. Samstundes med at dei hentar seg mat, spreier dei pollen frå blome til blome. Slik er biene avhengig av blomane for å få seg mat, og blomane avhengige av biene for å formeira seg. Opp til 30 % av all maten vi menneske et, kjem frå plantar som er pollinert av bier. Dette gjeld til dømes frukt, bær, erter, bønner og kaffi. I Noreg er ein tredel av bieartane på Norsk rødliste for arter, som betyr at dei er i fare for å døy ut som art i landet vårt.

Leveområde under press

Det er fleire grunnar til at biene slit. Tap av leveområde er ein av dei viktigaste årsakene, med blant anna nedbygging av natur, monokultur i landbruket og gjengroing av kulturlandskapet. Alt dette gjer at det blir lange avstandar mellom maten som biene treng frå blomstrande planter, og yngleområder kor dei legg egg og før opp ungane sine.

Kva kan du gjere for biene

Både balkongeigarar, hageeigarar, bønder, næringslivet og forvaltninga kan bidra til gode levekår for bier og andre ville pollinerande arter. Nokre tiltak du kan gjere:

  • Du kan plante blomstrande staudar og trær, som gjerne blomstrar til ulike tidspunkt.  
  • Du kan sette opp insekthotell i hagen eller på husveggen. Du kan også lage ei humlekasse.
  • La det vere litt rotete i deler av hagen. Slik finn insekt naturlege reirområder.
  • La større greiner ligge att på bakken. Slik finn insekt naturlege gøymestader, og byggemateriale til reira sine.
  • Lag ei sørvendt skråning med sand for sandlevande insekt.
  • Lag ein liten dam kor blomsterflogelarvar kan bo. Ei bøtte med vatn med litt avkappa gras i, gjer også god nytte.
  • Unngå bruk av plantevernmiddel.
  • Lag insektsvennlege kantsonar.
  • Lag ei blomstereng.

Bier i Noreg

Det er 211 artar av bier i Noreg. Ein av desse er honningbia. I Noreg lever honningbia stort sett i bikubar, kor dei vert fôra og tatt vare på av birøktaren. Som takk gjer honningbia oss honning. Honningbia vert rekna som eit husdyr. Av dei ville biene i Noreg, er det 35 artar av  humler, og 175 artar solitære bier. Humlene er, som honningbia, sosiale insekt. Dei bygger bol og lever i organiserte samfunn. Dei solitære biene lever aleine. Etter å ha para seg, finn hoa eigna reirplassar, og lagar eit bol med kammer for kvart egg ho legg.

Ei av dei verkeleg sjeldne biene vi har i Noreg, er strandmurerbia. Denne arten har sine viktigaste leveområde i Rogaland, i sanddynemark på Jæren. Du kan lese meir om strandmurerbia i rapporten du finn i høgre marg. I denne rapporten finn du mykje god informasjon om korleis ei solitær bie lever.   

Kysthumla er ei stor og vakker humle. Utsira kommune. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland / Bjørn Mo
Her er ei villbie på leit etter reirplass i eit insekthotell. Strand kommune. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland / Bjørn Mo

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.