Statsforvaltaren har gitt uttale til solkraftverk på Sokn

Beiteareal på Sokn kor det blir søkt om solkraftverk. Foto: Bjørn Mo

Statsforvaltaren i Rogaland er, med omsyn til både landbruk og natur, kritiske til etablering av Sokn solkraftverk. Arealbeslaget og konsekvensane strir mot nasjonale og vesentlege forventingar knytt til jordvern. Tiltaket vil beslaglegge store funksjonsareal som er hekkeområde for truga artar. Det er uklårt om dette er eit klimatiltak, det kan ha negative konsekvensar for klima. Solkraft må plasserast på dei riktige stadene. Vi rår klart ifrå etablering av Sokn solkraftverk.

Publisert 13.02.2024

Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) sendte 03.11.2023 ut konsesjonssøknad frå Novå om etablering av eit solkraftanlegg på 215 dekar på Sokn i Stavanger kommune. Statsforvaltaren har utala seg til konsesjonssøknaden ut i frå dei sektorinteresser vi skal ta i vare. Heile uttalen finn du under dokument.

Klima

Vi meiner det i utgangspunktet er positivt at ein ser på moglegheita for etablering av solkraftanlegg som vil kunne bidra til å auke produksjonen av fornybar kraft. Etableringa av eit slikt anlegg vil ikkje nødvendigvis ha ein positiv klimaeffekt. Om ein skal rekna det som eit klimatiltak må tiltaket erstatte fossil energi. 

 

Det er manglar eller feil i konsesjonssøknaden når ein samanliknar utsleppstal frå solkraft-anlegget opp mot europeisk energimiks og ikkje norsk energimiks som er lågare. I tillegg er fleire indirekte utslepp ikkje rekna med.

Landbruk

Konsekvensutgreiinga for landbruk tek ikkje opp i seg at tildekking av store deler av arealet med solcellepanel vil føre til endringar i solinnstråling til plantane. Endra solinnstråling vil kunne endre tilhøva for fôrproduksjon på areala med redusert produksjon som resultat.

Vidare vil etablering av solkraftanlegget gjere det vanskeleg med naudsynt jordarbeid for å halde jorda i god hevd. At areal til sjølve solkraftanlegget og ein radius på 100 meter på utsida ikkje kan nyttast til å spreie husdyrgjødsel kan vi ikkje sjå er tatt med i konsekvensutgreiinga. 

Etablering av eit solkraftanlegg vil utfordre jordvernet sjølv om det direkte arealbeslaget er lite som følgje av vesentleg endra forhold for plantevekst og normalt jordbruk.

Natur

Det er fleire manglar i kunnskapsgrunnlaget og vurderingane i konsekvensutgreiinga når det gjeld konsekvensar for naturverdiar. Etablering av eit solkraftanlegg vil gjere området lite egna for hekking og næringssøk for ein rekke raudlista artar. I tillegg krev etablering av solkraft-anlegget at ein ryddar og planerer området og slik fjernar forutsetningar for det biologiske mangfaldet som er det i dag.

Samfunnstryggleik

Området er utsett for sterk vind og det må av omsyn til bustad, veg og infrastruktur sikrast at panela kan tola dette.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.