Lokale forskrifter om utvida jakttid på grågås i Stavanger, Time og Kvitsøy kommunar

Statsforvaltaren har fastsett forskrift i kommunane Stavanger, Time og Kvitsøy til å opne for jakt på grågås inntil 20 dagar før ordinær jaktstart.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.07.2022

Ein av føresetnadane for at Statsforvaltaren skal kunne opne for tidleg jaktstart er at det føreligg ein lokal forvaltningsplan. Tidleg jaktstart på grågås føresett og at det ikkje vart driven utstrekt skadefelling på grågås.

To vesentlege føremål med tidlegare jaktstart på grågås er å redusere skadeomfanget på dyrka mark og å jakta over ein lengre periode før gjæsene trekker sør.

Statsforvaltaren i Rogaland har fastsett forskrift om utvida jakttid for grågås for jaktsesongane 2022-2028 i Stavanger, Time og Kvitsøy kommunar, jf. §3.1 i Forskrift om jakt- og fangsttider fra og med 1. april 2022 til og med 31. mars 2028.

Desse 3 kommunane har søkt og fått innvilga tidleg jaktstart som betyr at haustjakta på grågås startar 21. juli i desse kommunane. Det er fleire vilkår i forskriftene omkring jakt- og friområde, flygande fugl og klokkeslett for jakta.

Sjå lenkene til dei lokale forskriftene.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.