Besøksstrategi for Jærstrendene

Miljødirektoratet har i brev av 15.10.2020 godkjent "Besøksstrategi for Jærstrendene landskapsvernområde". Besøksstrategien blei utarbeidd av Fylkesmannen etter godt samarbeid med kommunar, Rogaland fylkeskommune, Jæren friluftsråd og fleire innspel i samband med lokal høyring.

Publisert 29.10.2020, Sist endret 09.12.2020

Strategien vil etter vårt syn, vere eit godt grunnlag for vidare praktisk forvalting med den tre-delte målsettinga om å ta vare på naturverdiane, gi god tilrettelegging og informasjon om natur- og kulturopplevingar for besøkande. Samtidig synliggjer strategien moglegheitene for lokalt næringsliv innan reiseliv.

Digital kartportal viser sårbart planteliv

Den lange og smale kyststripa er særs samansatt i høve til natur- og kulturverdiar og bruksinteresser. Vi har derfor laga ein eigen kartportal https://www.temakart-rogaland.no/bsj. Denne gir oversikt over til dømes vernegrenser, sårbart dyre- og planteliv, kulturminne, eksisterande tilretteleggingstiltak og ikkje minst tiltak foreslått i besøksstrategien. Portalen vil bli revidert jamleg etter behov.