Ønskjer at bonden og biogassbransjen tar gode val

Biogassanlegg. Foto Anfinn Rosnes

Kva betyr biogassproduksjon for meg som bonde? Det er hovudtema for fagmøte i Tysvær, 18. november.

Publisert 14.10.2025

Mange spørsmål skal få svar

Kva blir bondens økonomi ved å levera gjødsel til biogassanlegg, og kva tilpassingar trengst på garden? Blir lukta frå anlegga eit problem for nærmiljøet? Kva utfordringar har biogassanlegga, og korleis løysa dei? Korleis påverkar nytt gjødselregelverk både bonden og bransjen? 

Desse spørsmåla blir tatt opp på fagmøtet "Kva betyr biogassproduksjon for meg som bonde?" 18. november kl. 9.30-14.00 i Tysværtunet kulturhus.

Ei lang verdikjede med mange interesser og omsyn

På Haugalandet har tre biogassinitiativ fått Enova-støtte: Vireo på Karmøy, Havila i Tysvær og Biovind i Vindafjord. I tillegg til desse har Bio Jæren i Hå og Bioenergi Finnøy i Stavanger fått Enova-støtte. Fleire initiativ er under utvikling.

Biogassproduksjonen har ei lang verdikjede som landbruket er ein del av. God økonomi i alle ledd er avgjerande for satsinga. Mari Aker frå Norsk landbruksrådgiving legg fram arbeidet som er gjennomført for å vurdera bondens økonomi ved ulike scenario.

Hindra uheldig lukt er viktig for anlegga. Line Blytt frå Norwaste har lang erfaring på området og skal gje oss fagleg oppdatert kunnskap om kva som må til for å handtera lukt.

Industrien er ei viktig del av verdikjeda, og Reinhard Lund-Mikkelson, frå Vireo, kjem med sine vurderingar. Vireo er i gang med bygging av eit biogassanlegg i Kvinnherad. 

Korleis vil nytt gjødselregelverk vera med å påverka? Nono Dimby frå Statsforvaltaren i Rogaland kjem for å gje oss fagleg innsikt.

Sjå fullstendig program

Påmelding innan 10. november

Møtet rettar seg mot landbruket, forvalting, rådgiving, næringsliv, politikarar og andre biogassengasjerte i regionen.

Vel møtt!

Fagmøtet er del av eit felles næringsutviklingsprosjekt Klepp kommune har saman med kommunane Karmøy, Tysvær, Vindafjord, Hå, Time og Stavanger samt Statsforvaltaren i Rogaland. 

Prosjektet er finansiert av næringsutviklingsmidlar frå Rogaland Fylkeskommune og midler frå Statsforvaltaren i Rogaland, samt eigenandel frå dei deltakande kommunane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.