Landbruket i Rogaland sin heiderspris 2023

Slått på Utsira
Slått på Utsira Foto: Nono Dimby.

Rogaland landbruksselskap deler årleg ut ein heiderspris og treng kandidatar til denne. Prisen skal gå til ein eller fleire med yrket sitt i landbruket som har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan forvente. Frist for å sende inn forslag er 12.desember. 

Publisert 23.10.2023

Heidersprisen skal gå til ein person frå landbruket som oppfyller nokre av kriteria under:

  • Har profilert landbruket på ein positiv måte mot resten av samfunnet.
  • Har fremma positive idear for vidareutvikling av bygdene i Rogaland.
  • Har vore ei drivkraft i utvikling av ei levedyktig bygd og/eller eit grannelag.
  • Er eit føredøme i arbeidet for vidareutvikling av kulturlandskapet.
  • Har profilert og i praksis gjennomført jordbruksdrifta si med høg miljøstandard, og har hatt fokus på etikk i fjøs og /eller gris-/fjørfehus. 
  • Har hjelpt ein yrkesbror eller syster gjennom ein vanskeleg periode.
  • Utvikla nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust.

Både einskildpersonar og organisasjonar kan kome med framlegg til kandidatar. Frist for å kome med forslag er sett til 12.desember 2023.

Forslag med ei kort grunngjeving skal sendast til 
Rogaland landbruksselskap
Postboks 59, sentrum
4001 Stavanger
eller kan sendes til
Bente E. Halvorsen; bente.halvorsen@statsforvalteren.no

Heidersprisen består av Rogaland landbruksselskap sitt diplom og eit kunstverk, prisen vert delt ut på Landbrukskonferansen 4.mars 2024.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.